Hopp til innhold

Stor auke i talet på familievernsaker: – Anstrengd økonomi kan vere éi årsak

Familievernkontora i Drammen og Kongsberg er usikre på kvifor dei ser ein stor auke. No ber dei par ta kontakt allereie før det skjer seg.

Ungt forelsket par hånd i hånd. Sommerforelskelse. Ung kjærlighet. Forelskelse. Forelsket. Ung kvinne. Ung mann. Lykke. Nyter livet. Livsnyter. Tenåringer. Young couple

På landsbasis er det omtrent like mange meklingssaker ved familievernkontora som fjoråret. Men i Drammen og Kongsberg nærmar dei seg ei dobling samanlikna med 2022.

Foto: Frank May / NTB

– Vi ser ikkje bort frå at den anstrengde økonomien til folk kan vere ein del av årsaka.

Det fortel Kristin Tafjord Lærum, som er leiar for familievernkontora i Drammen og Kongsberg.

Kontora har ansvar for vel 180 000 innbyggjarar i søre og midtre Buskerud.

I fjor hadde kontora litt over 300 meklingssaker totalt. I år nærmar dei seg 500 saker, og året er enno ikkje omme.

Leder Kristin Tafjord Lærum og psykologspesialist Camilla Dønheim ved familievernkontoret Drammen-Kongsberg.

Leier Kristin Tafjord Lærum og psykologspesialist Camilla Dønheim ved familievernkontoret Drammen-Kongsberg merkar pågangen.

Foto: Eirik Leivestad Hall / NRK

Årsaka til den kraftige auken er dei ikkje heilt sikre på.

At økonomi er ei stor kjelde til konflikt i parforhold er ingen løyndom.

– Men vi klarer ikkje å slå fast noko heilt sikkert. Det blir berre spekulasjon til så lenge, seier Camilla Dønheim, fagleiar og psykologspesialist ved kontoret.

Les også – De er livredde for å ta parti

Familievern 1

Lokalt fenomen

NRK har fått tilgang til statistikk for talet på nye meklingssaker på landsbasis frå Bufdir.

Sett totalt dei siste åra har talet på nye meklingssaker gått ned sidan 2018.

Det ser ut til at ein vil hamne på omtrent same tal som fjoråret på landsbasis.

Familievernkontoret i Asker og Bærum har omtrent 50 000 fleire innbyggjarar enn dekningsområdet til kontora i Drammen og Kongsberg. Dei ligg an til omtrent 20 prosent færre saker enn tidlegare år.

Så kvifor er auken så stor akkurat i Drammen og Kongsberg?

– Drammen er ein av kommunane med dei største sosioøkonomiske utfordringane i landet, og det synest særleg no. Når ein får eit sånt press inn i eit parforhold fører det ofte til konflikt, og i verste fall samlivsbrot, meiner Kristin Tafjord Lærum.

Les også Linda og Magnus dro til familievernkontoret for å lære å krangle

Magnus Moa Frisendal og Linda Moa Frisendal står i Namsos sentrum

– Ta kontakt før det går gale

Lærum har jobba ved familievernkontoret Drammen-Kongsberg sidan 2015.

Sidan den gong har ho lagt merke til endringar i folks førespurnader.

– Det er meir alvorlege og kompliserte saker som folk treng hjelp med enn før, seier ho.

Fagleder og psykologspesialist Camilla Dønheim ved familievernkontoret Drammen-Kongsberg prater med Line Tafjord Lærum.

Fagleiar og psykologspesialist Camilla Dønheim ved familievernkontoret Drammen-Kongsberg pratar med Line Tafjord Lærum.

Foto: Eirik Leivestad Hall / NRK

Men at auken kjem av for mykje tid saman under pandemien, er ikkje psykologspesialist Camilla Dønheim samd i.

– Tvert imot, vi har fått høyre av fleire par at dei har hatt godt av meir tid saman, meiner Dønheim.

Medan Lærum medgir at dei har måtta gjere prioriteringar blant dei som tek kontakt på grunn av pågangen.

Det er fyrst og fremst par med barn som blir prioriterte.

Leder ved familievernkontoret Drammen-Kongsberg, Kristin Tafjord Lærum, skulle ønske at flere par tok kontakt før det skjærer seg.

Leier ved familievernkontoret Drammen-Kongsberg, Kristin Tafjord Lærum, skulle ønskje at fleire par tok kontakt før det skjer seg.

Foto: Eirik Leivestad Hall / NRK

Helst skulle dei sett at færre enda opp med samlivsbrot.

– Vi skulle ønskje at par tok tidlegare kontakt med oss. Det kan fort gå fleire år med gnissingar før det til slutt skjer seg.

Kva teikn burde ein sjå etter for å skjønne at ein må gjere noko?

– Eit visst nivå av konflikt er bra for parforholdet. Men viss ein hamnar i dei same konfliktane kvar gong, burde varselslampane blinke, avsluttar Lærum.

Hei sann!

Kjenner du deg igjen i denne saken? Eller har du tips til noe annet jeg burde skrive om?

Send meg en e-post, jeg vil gjerne høre fra deg!