NRK Meny
Normal

Hemmeleg Nerdrumsamling blir vist fram for fyrste gong

DRAMMEN (NRK): Ein drammensar har i all hemmelegheit samla saman alle Odd Nerdrums trykk gjennom 40 år – sett vekk ifrå to. No skal alle trykka for fyrste gong bli vist fram samla.

Kikkar på Nerdrumssamling

Samlaren Trond Olsen fyller veggen med Nerdrum-kunst.

Foto: Marie Grensbråten Lorvik / NRK

– Eg vil seie at samlinga er eineståande av sitt slag i verda, seier leiaren for Drammen kunstforeining, Harald Gautneb.

Til saman 77 trykk blir vist fram på veggane i Lychepaviljongen i Drammen. Tre rom er fulle av kunst samla saman i all hemmelegheit.

– Det er Trond Olsen som har samla på desse skattane og har haldt dei skjult i mange, mange år, fortel Gautneb.

Sterke kjensler hjå sjølvportretta

Eit av romma har veggar fulle av sjølvportrett. Trond Olsen står med tårer i auga og betraktar samlinga si.

– Eg kjenner det i heile kroppen. Det er veldig rart å sjå bileta på denne måten. Eg ser dei vanlegvis som lause ark, fortel den pensjonerte galleristen.

Trond Olsen syner fram Nerdrumsamlinga si

40 ÅR MED TRYKK: Trond Olsen står med tårer i auga framfor kunstsamlinga si.

Foto: MARIE GRENSBRÅTEN LORVIK / NRK

Frå 1962 til 2014, med unntak av to trykk, er dette ei komplett samling av alt Odd Nerdrum har produsert av grafikk. Den einaste samlinga av sitt slag.

– Dette sjølvportrettet veit eg ikkje om han har sjølv, fortel Olsen medan han syner fram sjølvportretta på veggen.

På jakt etter Nerdrum

Olsen hadde nokre av bileta hengande på vegen heime, men dei fleste var skjulte skattar.

– Det har vore ein del av meg og kona mi sin måte å sjå bileta på, seier han.

I mange år leita Olsen iherdig etter Nerdrum.

– Eg fann trykk då eg var ute på takseringar. Dei dukka opp på eit loft, eller i ein pose, og då fekk eg kjøpt dei.

Han har og trykk av ei tidlegare kone eller sambuar av Nerdrum. Trykk Nerdrum sjølv ikkje ville ha.

Trond Olsen og Harald Gautneb

KLARE TIL UTSTILLING: Harald Gautneb og Trond Olsen er klare til å syne fram trykksamlinga i Lychepaviljongen i Drammen.

Foto: MARIE GRENSBRÅTEN LORVIK / NRK

– Han reiv i stykke mange av trykka då han og ho blei uvener, men eg har tilfeldigvis nokre av trykka her.

– For du reiv dei ikkje i stykke?

– Nei! Det kjem eg aldri til å gjere, ler Olsen.

Dei to siste trykk

– Dei to siste kjem til meg i neste veke. Eg har kjende som veit om samlinga og då blir dei to levert over til meg. Det blir spennande å sjå korleis dei ser ut, seier samlaren.

Dei to siste trykka kjøper han usett.

– Når det er Nerdrum som ingen andre har, so klarer eg ikkje å la vere å kjøpe det.

Og med dei på plass blir samlinga komplett.

– Er samlinga til sals?

– Den komplette samlinga kan vere til sals, men eg er ikkje heilt sikker, seier Olsen.