Hopp til innhold

Først i verda: Testar ut medisin mot «long covid»

Norske forskarar skal avdekke om legemiddelet Paxlovid kan førebygge «long covid». Nå ber dei koronasjuke om å melde seg.

Forskere skal teste ut medisin mot long covid.

Studiesjukepleiar Elise Mjøs og spesialist i infeksjonssjukdommar Marius Trøseid, er klare til å ta imot koronasjuke som vil delta i studien.

Foto: Caroline Utti / NRK

Viss du har hatt covid-19 har du auka risiko for utmatting, hjartesjukdom, diabetes, og for blodpropp i eitt år etter at du fekk sjukdommen, seier professor i infeksjonsmedisin ved Universitet i Bergen, Nina Langeland.

Som forskar har ho jobba i fleire år med å løyse gåta «long covid». Så langt har ingen klart å finne effektive behandlingsmetodar som kan hjelpe dei som er ramma av alvorlege seinplager.

Nina Langeland, forsker

Nina Langeland leier studien. Ho er professor i infeksjonsmedisin ved Universitetet i Bergen,

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

Nå leier Langeland eit unikt prosjekt som kan vise seg å gi viktige svar.

Saman med andre norske forskarar skal ho avdekke om ein enkel tablettkur kan bli eit viktig våpen i kampen mot seinfølgene av koronaviruset.

Gir mildare sjukdom

Hovudrolleinnehavaren i denne historia heiter Paxlovid. Det er eit såkalla antiviralt middel som reduserer virusmengda i kroppen, og gir mildare sjukdomsgang hos dei som blir smitta av koronaviruset.

Legemiddelet blir i dag berre gitt til personar som er eldre enn 65 år, og til dei som har eit svekt immunforsvar. Det er allereie dokumentert at Paxlovid fører til færre sjukehusinnleggingar og dødsfall.

Les også Nakstad håpar fleire vil ta i bruk ny koronamedisin

Første pakkene med koronamedisinen Paxlovid Norge.

– Først i verda

Nå håpar forskarane at legemiddelet også kan førebygge «long covid».

– Kor mykje virus du har i kroppen har samanheng med kor stor risiko du har for å få langtidssymptom. Hypotesen vår er at Paxlovid vil verke førebyggande, seier Langeland.

Ifølge forskaren er prosjektet det første i sitt slag i verda. Studien starta i Bergen i fjor, men er nå utvida.

– Vi er dei første som gjer ein studie av denne typen, seier Langeland.

Les også Slår alarm: Rekordmange til lege med utmattelse

Ein person med skjegg sit i ein stol med to-tre knappar kneppa opp. Ein lege held eit stetoskop til brystet. Vi ser korkje av dei sitt andlet. I bakgrunnen, ute av fokus, ser vi stolar og utstyr som høyrer til på eit legekontor.

Sjølv om du blir plukka ut til å delta, er det nemleg ikkje sikkert du får den ekte medisinen. Studien er nemleg såkalla dobbeltblinda randomisert, som er sjølve gullstandarden for forskningstudiar. Det betyr at berre halvparten av deltakarane får ein 5-dagars behandling med Paxlovid. Den andre halvparten vil få placebo.

Tidlegare studiar har gitt sprikande resultat, og det herskar stor usikkerheit om medisinen vil fungere.

Dersom det viser seg at legemiddelet har ein effekt, kan det få mykje å seie. Langeland er foreløpig varsam optimist.

– Viss Paxlovid har ein effekt på alle, må ein vurdere å behandle fleire med dette for å unngå langtidskomplikasjonar. Det kan redusere sjukmeldingar og ha noko å seie for samfunnsøkonomien, seier Langeland.

Spesialist i i infeksjonssykdommer, Marius Trøseid.

Marius Trøseid er professor og spesialist i infeksjonssjukdommar.

Foto: Caroline Utti / NRK

Ønsker 2000 deltakarar

Nå treng forskarane koronasjuke deltakarar i Oslo-området til prosjektet. Folk i alderen 18 til 65 år som er smitta blir oppfordra til å ta kontakt.

– Dei må ta kontakt med oss så fort som mogleg, og seinast innan fem dagar etter at dei har fått symptom, seier spesialist i infeksjonssjukdommar, Marius Trøseid.

Også han stiller seg avventande til om medisinen faktisk vil ha ein effekt.

– Vi har gjort veldig mange studiar med ulike legemiddel mot covid, og vi har lært at det er veldig vanskeleg å seie noko som helst før studien er ferdig. Derfor er det veldig viktig at vi får gjennomført dette. Men vi er håpefulle, seier Trøseid.

Ei undergruppe på 100 pasientar vil sendast til Trondheim for undersøking med MR av hjernen og nevropsykologisk testing. Dette blir gjort for å sjå om covid-19 har gitt forandringar i hjernen, og om Paxlovid kan forhindre dette.

Les også Morten orker ikke å jobbe: – Kjenner ikke meg selv igjen

Morten Iversen har vært sykemeldt i to år, som følge av senvirkninger av covid-19.

Droppar å teste seg

Forskarane har likevel støytt på ei utfordring. Svært mange droppar å teste seg når dei får korona-symptom.

– Vi må bruke lengre tid, fordi vi er avhengige av at folk må trasse Folkehelseinstituttets råd om å ikkje teste seg. Heldigvis er det mange som gjer det. Dei vil ikkje smitte andre på jobben eller dei gamle foreldra sine, seier Langeland.

Nina Langeland, forsker

Professor i infeksjonsmedisin ved Universitetet i Bergen, Nina Langeland.

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

Ifølge forskaren er det først og fremst dei i alderen 18 til 65 år som blir ramma av langtidssymptom.

– Vi ser lite av det hos barn og dei eldste, seier ho.

Langelands eigne studiar viser også at risikoen for å få «long covid» ikkje blir mindre når ein blir smitta fleire gonger.

– Dessverre får mange symptom etter gjentatte infeksjonar, som gjer at dei ikkje lenger er arbeidsdyktige, fortel ho.

Dei første resultata av studien er venta å vere klare om vel eit år.