Hopp til innhold

No er det endå fleire minnestader

Etter at velforeininga ved Utøya flytta den spontane minnestaden kor folk har lagt blomster og helsingar etter 22. juli-terroren, har den nye staden allereie fått friske blomster. AUF tilbyr og at folk nyttar bryggja til helsingar.

Nytt minnested Utøya

Det er lagt friske roser på staden kor minnesteinen no er flytta til, ved E16. Det skapte sterke reaksjonar at den lokale velforeininga flytta bamsar og helsingar bort frå privat grunn. Utøya sjåast i bakgrunnen.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

Ole Morten Jensen

Ole Morten Jensen er styremedlem i Utstranda vel. Han seier til NRK at dei ikkje vil leve med påminninga om terroren i kvardagen.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

Det har kome sterke reaksjonar etter at Utstranda vel flytta steinen som vart ein spontan minnestad etter terroren på Utøya 22. juli 2011. Velforeininga ønska ikkje lenger at folk nytta ein vegkant med utsyn mot Utøya til å leggje ned blomster og tenne ljos. Dei køyrde steinen, med blomster og helsingar til ein rasteplass ved E16.

Allereie tatt i bruk

Torsdag kveld var nye, friske roser lagt ned på steinen der den står no. Styremedlem Ole Morten Jensen i velforeininga som bestemte seg for flytte heile minnesmerket bort frå privat grunn, seier naboane ikkje orka fleire grupper med turistar og interesserte som stansa ved steinen der den låg.

– Vi føler at vi har tatt liva våre tilbake. Vi orkar ikkje lenger å ha det slik det var, det passar ikkje å ha ein minnestad midt oppe i eit bustadfelt.

– Du synest ikkje at de har tatt dykk til rette på ein ufin måte?

– Nei, vi føler ikkje at vi har tatt oss til rette, eigentleg. Dette er privat grunn og vi har gjort det i samråd med grunneigar, seier Jensen.

AUF seier folk gjerne må nytte bryggja

Eskil Pedersen Utøya

Eskil Pedersen, leiar i AUF, skriv i sosiale medium at folk gjerne må nytte bryggja ved Utøya til å minnast det som skjedde 22. juli.

Foto: Faksimile Instagram

Leiar for AUF, Eksil Pedersen, som sjølv overlevde terrorhandlingane, la ut melding på sosiale medium i går om at folk gjerne måtte legge att helsingar og tenne ljos på bryggja, kor organisasjonens ferje legg til kai ved Utøya.

Det er mange som har behov for å minnast det som skjedde og leggje ned blomster. Og det har vore fint å køyre forbi og sjå at folk framleis, etter tre år, legg att helsingar ved vegen. Vi har vore opptekne av at vi får på plass ein varig minnestad, og håper at prosessen no blir betre, seier Pedersen.

Pedersen ønsker at folk bruker kaia til minnestad fram til ei varig løysing er på plass.

Kai ved Utøya

Det er i dag ingen blomster på bryggja ved Utøya, kor AUF ber folk leggje att helsingar om de ønsker det.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

– Det er fint om de vil bruke den staden til å minnast det som skjedde.

Og no har altså dei som ønsker å leggje att bamsar, ord eller blomster fleire stader å gjere det. Utan at ein varig minnestad er på plass.