– Da vil eg ikkje reise til Noreg meir. Det blir for mykje pengar for meg, så da reiser me heller til Alpane og Austerrike. Der er det også veldig fint og mykje billegare.
Janet van Dijk er på ein tre vekers rundreise rundt i heile Noreg. Ho og mannen bur tre netter på hotell kvar plass og er overraska over kor mykje det kostar.
Like dyrt å reise til Thailand som Noreg
Når ho får høyre om forslaget om at auka moms kan gjere det enda dyrare blir ho sikker i si sak.
– Da blir dette fyrste og siste gong her. I fjor var me i Thailand og ferien her blir like dyr sjølv om det er mykje kortare å reise, seier van Dijk.
Virke: – Putt heile rapporten i skuffen
Før sommaren kom eit regjeringsoppnemnt utval med forslaget om å forenkle momsreglane og innføre ein felles sats. Det vil i så fall seie at momsen vil auke frå dagens 12 prosent til 23 prosent for mellom anna reiselivsnæringa.
Forslaget er nå på høyring, men bransjeorganisasjonen Virke er bekymra og rådar regjeringa til å skrinlegge alle planer om endring av moms.
– Det beste regjeringa kan gjere med dette er å putte heile rapporten i skuffen. Ein auke av momssatsen for reiselivet vil vere dramatisk for reiselivet. Det er ei næring med små marginar, og har tøff konkurranse frå utlandet, seier administrerande direktør, Ivar Horneland Kristensen.
Han peikar på konkurransen typiske skidestinasjonar som Norefjell har frå både Sverige og land i Alpane.
Går forslaget gjennom vil det bli høgare moms både på hotellopphald og heiskort.
– Samanlikna med Europa er snittsatsen ni prosent, så om du tenkjer deg at ein konkurrerer om turistar frå Europa, så har ein alt nå ein høgare kostnad. Dei treng ikkje meir enn det her nå, seier Kristensen som meiner destinasjonar som har ein stor andel utanlandske turistar vil bli hardast ramma.
Frp vil finne ein gyllen middelveg
Forslaget er nå på høyring til slutten av august og Finansdepartementet vil ikkje kommentere saka før det.
Da rapporten blei kjent i mai uttalte finansminister Siv Jensen at ho ikkje såg for seg ein felles sats, slik utvalet konkluderte med.
– Eg vil understreke at regjeringa er oppteken av å halde skatte- og avgiftsnivået nede, og er oppteken av å støtte opp om omsyna som ligg bak låg- og nullsats i dag. Eg ser nok ikkje for meg at regjeringa vil føreslå å fjerne all lav- og nullmomssatsar som utvalet føreslår, sa Jensen.
Stortingsrepresentant, Morten Wold (Frp) kan ikkje love at det ikkje blir ein auke frå dagens nivå som alt har auka med fire prosentpoeng dei siste åra.
– Me må høyre på høyringsuttalingane og prøve å finne ein gyllen middelveg. Men ei endring frå 12 til 23 prosent er ein stor auke og vil ikkje gagne reiselivsbransjen, seier Wold.