Hopp til innhold

Kraftig nedgang i arbeidsløysa blant unge

Chawan Achmed er ei av 5000 unge under 30 år som har gått frå arbeidsløyse til jobb det siste året. På landsbasis har lediggangen gått ned med 21,4 prosent. NAV meiner ein ser resultata av regjeringas tiltak.

Chawan på Nille

Chawan Achmed er glad for sjansen ho har fått på Nille.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Viss eg ikkje jobbar blir eg sjuk. Nå er eg veldig fornøgd.

Chawan Achmed smiler bak kassa på Nille i Kongsberg.

23-åringen frå Kurdistan har berre vore halvanna år i Noreg, men klarer seg alt fint som butikkmedarbeidar med dei viktigaste frasane på plass.

Chawan på Nille

Ho er utdanna rekneskapsførar frå heimlandet, men trivst som butikkmedarbeidar.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

I fjor var ho ein del av den dystre statistikken som viste at nærmare 22 000 unge under 30 år var utan arbeid.

Nedgang kvar månad

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie meinte det måtte ei spesiell satsing til.

– Me er oppteken av å fjerne tersklar som hindrar folk i å kome seg i jobb og å sørge for å stramme inn arbeidslinja ytterlegare ved å stimulere folk til sterkare tilknyting til arbeidslivet, har Hauglie tidlegare sagt til NRK.

Dette meiner NAV ein ser resultata av nå.

– I fjor hadde me nedgang på unge ledige kvar einaste månad, og til saman 20 prosent. Me ser jo ganske tydeleg at me har fått resultat når me har såpass god nedgang kvar einaste månad, seier NAV-direktør i Buskerud, Elisabeth Holen.

Og på landsbasis er tala enda høgare. Nedgangen i 2017 er på 21,4 prosent som svarar til 5000 færre arbeidsledige under 30 år.

Tiltak som eigne ungdomsteam ved NAV-kontora, 1000 ekstra tiltaksplassar, aktivitetsplikt hos ungdom som tek imot sosialhjelp, jobbklubbar, arbeidstreningsplassar og jobbmesser, er nokre av tiltaka Holen meiner har fungert.

– Oppdraget var å få ned lediggangen. Det viste seg at mange gjekk på arbeidsavklaringspengar som ofte kan bli eit langt løp. Dei unge kjem seg aldri vidare verken i jobb eller skule, seier Holen.

Håpar på fast jobb

På Nille er Chawan svært glad for praksisplassen ho fekk i butikken og hjelpa frå saksbehandlaren på NAV. Sjølv om ho er utdanna som rekneskapsførar i heimlandet er det her ho vil vere.

– Det var vegen min inn i arbeidslivet. Eg har fått god opplæring og har lært nesten alt. Eg håpar på fast jobb her i framtida, smiler 23-åringen.

Chawan på Nille

I fjor var Chewan ein av 22 000 unge under 30 år utan arbeid.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK