Hopp til innhold

Her skal ordførarar vie nye ektepar i sommar

Toppen av Trolltunga, eit fiskevær, på ein fabrikk i havgapet og via Skype. Ordførarar skal vie på dei fleste plassar i sommar, men ingen har ennå tatt kontakt med han som kan vie på Preikestolen.

Trolltunga

Eit brurepar er i gang med planane om å gifte seg på toppen av Trolltunga i løpet av året. Ordførar Roald Aga Haug stiller meir enn gjerne opp, sjølv om turen er lang.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

– Me vil jo at Hardanger skal bli staden folk helst vil gifte seg. Så me strekkjer oss langt.

Eigentleg syntest ikkje Roald Aga Haug, ordførar i Odda kommune, spesielt om at kommunen skulle ta over dei borgarlege vigslane frå tingretten i år.

Frieri på Trolltunga, Stacey og Minh

I fjor sommaren fridde amerikanske Minh Tran (40) på toppen av Trolltunga i Odda. I år ser det ut til å bli bryllaup på den svært populære fjellformasjonen.

Foto: Privat

Villig til å bli med på havbotnen

Men nå har han snudd, dette ser han heller på som ein moglegheit. I sommar ser det ut som om det blir bryllaup på sjølvaste Trolltunga, ein tur som vil ta han og brudefylgje åtte timar opp og ned.

– Eg er ikkje nokon maratonløpar akkurat, men dette gler eg meg til og håpar me får til. Me er open for det aller meste, eg har dykkarsertifikat, så eg kan godt bli med på vigsel på havbotnen også, flirer Haug.

Skal gifte seg på Telemarks tak

Vibeke og Arne

Arne Solbakken og Vibeke Lunden er glad i fjellet og spesielt område rundt Gaustatoppen. For det blei det ei naturleg stad å gje kvarandre sitt ja.

Foto: Privat

Vibeke Lunden og Arne Solbakken frå Skien har vald å ta med brudefylgje og ordføraren i Tinn til toppen av Gaustatoppen når dei skal gifte seg i september.

– Me ville ikkje ha kyrkjebryllaup og ville gjere noko meir gøy enn berre rådhuset. Vêret kan me ikkje styre, men blir det skikkeleg dårleg vêr så blir det moro det også, seier bruda Vibeke Lunden, som fortel ordførar Bjørn Sverre Birkeland ikkje var vanskeleg å be.

Gaustatoppen

Vibeke Lunden og Arne Solbakken skal ha eit lite bryllaup med 13 gjester med til toppen av Gaustatoppen. Den store fordelen er Gaustabanen inne i fjellet som tek brureparet til topps.

Foto: Jon Eeg / NTB scanpix

– Svaret kom etter ei veke. Det er fint at det blir ordføraren som har god kjennskap til staden.

Vigsel på taxi-haldeplass blei for drygt

Dei fleste ordførarane NRK har snakka med, er villige til å bli med på mykje, men mange ventar på dei mest spektakulære førespurnadane.

I Lofoten skal ordførar i Flakstad, Hans Fredrik Sødal, vie eit par i fiskeværet Nusvær som står på UNESCOS verdsarvliste, men hadde gjerne blitt med på fjelltoppvigsel.

Nusfjord

Nusfjord er eit av landets eldste fiskevær og står på Unescos verdsarvliste. Der har det vore drive fiske sidan midten av 1800-talet, og i sommar blir det utandørs bryllaup med ordføraren i Flakstad som vigslar.

Foto: Wikimedia Commons

Bjarte Dagestad, ordførar i Forsand, ventar berre på den fyrste førespurnaden om vigsel på toppen av Preikestolen og Kjeragbolten.

Preikestolen

Preikestolen er ein av landets mest populære turistattraksjonar og ordførar Bjarte Dagestad i Forsand ser gjerne at det kjem førespurnadar på vigslar der oppe. Han er ikkje framand for ein fjelltur.

Foto: Paul Kleiven / NPK

Ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy nemner Stad (nabokommunen Selje) og Kråkenes fyr som spektakulære vigselstader i hennar nærområde Men det nærmaste ho kjem i sommar er vigsel på ein nedlagt tønnefabrikk i vasskanten.

Kråkenes fyr i solnedgang

Kråkenes fyr er ein av plassane i Vågsøy Kristin Maurstad gjerne vil vie par. – Det er hyggeleg med folk som vil gifte seg og me vil strekkje oss så langt det er mogleg, både på stad og tid. Me har også mange tilgjengelege fjelltoppar, seier Maurstad.

Foto: Torfinn Kråkenes
Tønnefabrikk i Vågsøy

Kristin Maurstad er ordførar i Vågsøy og skal ha sin fyrste seremoni på ein tønnefabrikk i Ulvesundet i Vågsøy i sommar.

Foto: Privat

Men vigsel på ein taxi-haldeplass blei litt for uformelt synest ordførar i Hol, Petter Rukke.

– Det må vere ein viss standard over det. Det er jo ei stor hending, seier Rukke.

Paret hadde møttest fyrste gong på toget på Geilo og syntest ein vigsel på haldeplassen utanfor togstasjonen hadde vore ein passande stad for å fullbyrde ekteskapet.

Dei fekk nei frå kommunen, og Rukke meiner komande ektepar må ha ein spesielt god grunn om han eller andre frå kommunen skal bli med ut på utevigsel.

– I utgangspunktet hadde eg nok ikkje vore positiv til vigsel på fjelltoppar. Da må dei ha ein spesielt god grunn. Om det berre er for å stå der, trur eg det blir vanskeleg å få til.

– Me har opna opp for hotellvigslar, og den fyrste seremonien min var på verandaen til eit hotell med utsikt til Hallingskarvet. Det var veldig flott, seier Hol-ordføraren.

Frå Sri Lanka til Odda

Odda-ordføraren er nok den som vinn kåringa over den mest spesielle vigselen til nå.

Eit lokalt par ville gjerne gifte seg på stranda i Sri Lanka.

Det blei litt vanskeleg for Haug å prioritere ein slik tur, så dermed stilte han opp via Skype.

– Det blei ein romantisk seremoni, sjølv om eg stod i formannskapssalen i Odda og dei på ei strand langt borte, ler Haug som legg til at dei også måtte ha ein formell vigsel når dei kom tilbake til bygda.