NRK Meny
Normal

Snart kan du gifte deg i 1700-talsbygningar og på turistattraksjonar

MAGISTRATBYGNINGEN (NRK): Vil du inngå ektepakta framfor ordføraren, eller invitere til bryllaup på Trolltunga? Her kan gifte deg frå nyttår.

Marte Mjøs Persen

FRÅ POLITIKARKRANGEL TIL EKTEPAKT: I Bergen står ordførar Marte Mjøs Persen klar til å ta imot folk som vil gifte seg i forhandlingssalen i Magistratbygningen. Rommet der bergenspolitikarar i alle år har krangla om fordeling av makt og posisjonar, skal bli åstad for langt hyggelegare augneblink.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Frå nyttår tek kommunane over ansvaret for borgarlege vigslar i Noreg. Det betyr at tusenvis av gifteklare nordmenn som ikkje vil gifte seg i kyrkja, i staden kan bli vigde av ordføraren sin i mange kommunar og storbyar.

I Bergen ventar ein at 500 par vil nytte seg av ordninga årleg. Ordførar Marte Mjøs Persen (Ap) er klar til å ta imot dei. I alle fall nesten.

– Eg har ikkje øvd meg enno, men eg tenker det blir ei fin lita tale om betydninga av at to menneske finn kvarandre, og vil dele livet saman. Og så blir det jo å spørje om dei vil ha kvarandre som ektefellar. Så vil dei jo forhåpentleg svare ja, då, ler Persen.

Ekteskapslova gir ordførarar og varaordførarar automatisk rett til å vigsle folk.

Kommunane sjølve bestemmer kven andre som eventuelt skal utføre jobben. Med fleire hundre vigsler i året, i Oslo opp mot 1600, seier det seg sjølv at fleire må få vigselsrett.

Munchrommet i Oslo rådhus

MUNCHROMMET: Her kan folk i Oslo gifte seg frå nyttår.

Foto: Birgitte Wold Ingebretsen / NRK

Kan be om spesiell vigslar

I mange kommunar, som Bergen og Trondheim, vil ein opne for at både folkevalde og kommunalt tilsette kan vigsle folk.

– I tillegg til ordførar og varaordførar, vil ei gruppe på fem personar vigsle. Dei skal gå inn i ein turnus, men vi vil strekke oss langt om nokon ønsker å bli vigsla av ein spesiell person i den gruppa, seier bergensordføraren.

I Oslo er situasjonen ein annan. Ekteskapsløfta vil bli inngåtte i Munchrommet i rådhuset. Men det er førebels ikkje heilt klart kven som skal stå for vigslene.

– Det er no foreslått at administrativt tilsette skal vigsle. Men det vil bli vurdert om det er behov for at også politikarar skal gjere det, seier rådhusforvaltar Marit Jansen.

Frieri på Trolltunga, Stacey og Minh

FRIERI: Biletet viser eit frieri på Trolltunga i sommar. Frå 2018 står Odda-ordføraren klar for å ta imot folk som vil gifte seg her. – Vi vil med glede tilby bryllaup med bløming i Hardanger eller andre naturomgjevnader som ramme, seier Roald Aga Haug.

Foto: Privat

Bryllaup på Trolltunga

I Bergen vil folk kunne gifte seg kommunalt i forhandlingssalen i Magistratbygningen frå 1700-talet.

No skal rommet der bergenspolitikarar i alle år har krangla om fordeling av makt og posisjonar, altså bli åstad for langt hyggelegare augneblink.

– Det er noko med gleda i at folk finn kvarandre, skal gifte seg og feire kjærleiken. Eg gler meg til å vere med å feire, seier ordførar Persen.

Utanfor storbyane er det andre arenaer enn ærverdige rådhusrom som kan bli åstad for giftarmål.

Til dømes turistmagneten Trolltunga i Odda, der Odda-ordførar Roald Aga Haug (Ap) seier han er klar til å vigsle.

– Vi veit at det allereie er ganske mange som frir på Trolltunga, og vi trur jo nokon ville kunne tenke seg å gifte seg i dei omgjevnadane, seier Haug.

Marte Mjøs Persen i forhandlingssalen i Bergen

– TRENG OPPUSSING: Her i forhandlingssalen i Magistratbygningen i Bergen sentrum skal ordførar Marte Mjøs Persen vigsle folk straks rommet er klart for slikt bruk. – Det er lysekrone i taket, fine utskjeringar, og etter mitt syn fine veggmåleri. Men det trengst litt oppussing viss det skal bli fint nok til å gjennomføre vigsler her, seier ho.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Her kan du gifte deg i storbyane frå 1. januar

Bergen:

  • Vigslene skal skje i Magistratbygningen i det gamle Rådhuskvartalet. Byrådspartia vil undersøke om det seinare er mogleg å bygge eit eige rom til fleire typar seremoniar. I ein overgangsperiode vil kommunen nytta seg av tinghuset til rommet i Magistratbygningen står klart.
  • Reknar med kring 500 vigsler i året.
  • Ei gruppe på fem folkevalde og kommunalt tilsette skal, i tillegg til ordførar og varaordførar, utføre vigslene. Kven som kan vigsle vert avgjort av bystyret i løpet av hausten.

Trondheim:

  • Vigslene vil skje i storsalen på rådhuset.
  • Kommunen seier ja til å vigsle folk frå andre kommunar, og basert på tal frå Sør-Trøndelag tingrett reknar dei med 500–600 vigslar i året.
  • Til liks med Bergen ønskjer kommunen at både folkevalde og administrativt tilsette skal gjennomføre vigslene. Kven det blir, vert avgjort på bystyremøtet i november.

Oslo:

  • Kommunen vil bruke Munchrommet i Oslo Rådhus.
  • Oslo byfogdembete har mellom 1500 og 1600 vigslar kvart år, og kommunen reknar med dei får minst like mange.
  • Det er i første omgang administrativt tilsette i rådhuset si forvaltningsteneste som skal gjennomføre vigslene. Om også folkevalde og ordføraren skal vigsle folk, vil kommunen kome tilbake til.

Stavanger:

  • Vigslene i Stavanger vil skje i formannskapssalen. Kommunen tilbyr ikkje vigslar andre plassar.
  • Kommunen reknar med å gjennomføre kring 350 vigslar i året.
  • Vigslene vil bli gjennomført av dei som ønskjer det i formannskapet og av rådmannen. Direktørar og fagsjefar som rådmannen peiker ut kan også vigsle folk. Kommunen opnar også for at andre tilsette i kommunen kan vigsle etter tilråding frå leiar.

Tromsø:

  • Kommunen bygger om eit eigna rom i rådhuset til vigslene
  • Nord-Troms tingrett hadde 170 vigslar i 2016, og kommunen reknar med at størsteparten av dei i framtida vil skje i Tromsø.
  • Heile formannskapet på ni personar og fire frå administrasjonen får vigselsrett. Formannskapet inkluderer ordførar og varaordførar.

Kristiansand:

  • Bygger om eit rom i rådhuskvartalet som vil bli spesielt forma ut til å utføre vigslene. I ein overgangsperiode vil eit mellombels rom bli nytta.
  • Kommunen reknar med å vigsle kring 150 par i året. Dei har også sagt ja til å utføre vigslene for Søgne og Songdalen kommunar.
  • I hovudsak vil åtte personar frå administrasjonen gjennomføre vigslene, i tillegg til ordførar og varaordførar.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.