Normal

Ordførar skreiv historie: Vigde vêrmeldar i slalåmbakken

Da rakettane skaut det nye året inn, gjorde Ann Sire Fjerdingstad truleg noko ingen ordførarar hadde gjort før ho. Øvre Eiker-ordføraren vigde sitt fyrste par midt i slalåmbakken på Geilo.

Historisk ordførar

Da Eli Kari Gjengedal, kjent som vêrmeldar på TV 2 gifta seg med Tom Saxegaard frå Drammen, var det ordførar Ann Sire Fjerdingstad som stod for vigselen.

Foto: Privat

– Det var veldig spesielt og stemningsfullt.

Ann Sire Fjerdingstad fortel om den historiske hendinga på Geilo da 2017 blei til 2018 i natt.

Det tok ikkje mange sekund frå dei nye reglane om borgarleg vigsel trådde i kraft, til ordføraren i Øvre Eiker utførte sitt fyrste oppdrag.

Set pris på den nye oppgåva

– Me fylgde med på klokka og rusla bort i slalåmbakken i god tid før midnatt. Da klokka bikka 00.00 sat me i gang med å lese teksten og eg kunne etter kvart erklære ekteparet for rette ektefolk.

– Etterpå gjekk me inn og tok nokre glas champagne. Det var ei fantastisk feiring.

Det var Bygdeposten som fyrst omtalte bryllaupet mellom Eli Kari Gjengedal, kjent som vêrmeldar på TV 2 og Tom Saxegaard frå Drammen.

2018 er året kommunane tek over oppgåva tingretten har hatt til å vie par som vil gifte seg borgarleg.

Fjerdingstad set pris på dei oppgåvene, sjølv om det betyr meir helgejobb og denne gongen avbryting av ferien.

– Det er veldig hyggeleg å få lov til å erklære nokon for rette ektefolk. Det er ein fin del av jobben, og noko heilt anna enn å sitje kommunestyret og krangle om saker.

Alt 19. januar er ordføraren klar for ny vigsel, og Høgre-ordføraren trur kommunen vil ta hand om rundt 20 vigslar i året.

Spesiell vigsel

Denne vigselen var i tillegg heilt spesiell for ordføraren som kjente ekteparet frå før. Ho var blant gjestene da ekteparet fyrst gifta seg i Las Vegas i 2014. Men dette ekteskapet blei aldri godkjent av norske myndigheiter.

Da lovendringa blei kjent blei Fjerdingstad kjapt booka til vigselen på Geilo sjølv om ho er ordførar i Øvre Eiker.

Med tillating frå ordføraren i Hol gjekk det greitt, og Fjerdingstad lovar også sine eigne innbyggarar stor valfridom.

– Om ein ikkje vil bli vigd av politikarar, kan både rådmann og kommunalsjef utføre vigsel hos oss. I tillegg til gruppeleiarar, ordførar og varaordførar.

Og kanskje blei ho i natt landet fyrste ordførar til å seie dei magiske orda.

– Det skal godt gjerast at nokon var tidlegare ute, men kanskje var nokon like kjappe, ler ordføraren.