Viken er konstituert: – Vanskelegare å tenkje seg ei dårlegare byrjing

ÅS (NRK): Høgre og Frp sine representantar starta historia til fylkestinget i Viken med å rase mot det raudgrøne fleirtalet som vil jobbe for å løyse opp seg sjølv.

Fylkesordfører i Viken

Roger Ryberg (Ap) blei vald som ny fylkesordførar med støtte frå 50 av dei 87 representantane i det nye fylkestinget i Viken fylkeskommune. Ryberg er fylkesordførar i Buskerud i dag.

Foto: Dag Aasdalen / NRK

– Eg blei forferda og ganske så skuffa da eg såg erklæringa. Noko så tannlaust som det hadde eg ikkje trudd dei kunne leggje fram, sa Simen Nord (H) frå talarstolen på det fyrste fylkestinget i Viken.

– Viken er ein moglegheit til å skape noko nytt som fylkeskommune. Det er vanskelegare å tenkje seg ein dårlegare byrjing på ein ny fylkeskommune enn dette, fylgde partifelle Lars Berge opp med.

Historisk fylkesting

Da valvinnarane i Ap, Sp, SV og MDG la fram den politiske plattforma tidlegare denne månaden, presenterte dei også at dei vil jobbe for å løyse opp det nye fylket.

Den nye fylkesrådsleiaren, Tonje Brenna (Ap) fylgde opp under dagens pressekonferanse.

– Viss løysingane våre er så gode som ambisjonane våre er, vil dei stå uansett om Viken blir løyst opp. Høgre kan ta det med ro, me skal gå på jobb for å gjere vårt beste kvar einaste dag, seier fylkesrådsleiar, Tonje Brenna (Ap).

Tonje Brenna og det nye fylkesrådet

Viken skal ha parlementarisme og dette er fylkesregjeringa til fylkesrådsleiar Tonje Brenna (Ap) som vil bestå av åtte fylkesråder i tillegg til ho sjølv.

Foto: Dag Aasdalen / NRK

Det historiske fyrste fylkestinget i Viken fylkeskommune blei konstituert i ærverdige festsalen på Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) i Ås i dag.

Frå nyttår blir som kjent Akershus, Buskerud og Østfold blir samanslått til storfylket Viken med over 1,2 million innbyggarar og 51 kommunar.

Tidlegare fylkesordførar i Buskerud, Roger Ryberg (Ap) blei vald som fylkesordførar med 50 stemmer. Høgres kandidat Tore Opdal Hansen fekk 37. Ryberg får med seg Kathy Lie (SV), også ho frå Buskerud som varaordførar.

Sterk oppleving

– Det er veldig sterkt å få denne tilliten frå fylkestinget. Eg er audmjuk, og dette er heilt spesielt og ei sterk oppleving, seier den ferske fylkesordføraren Ryberg.

No er Ryberg opptatt av å sjå framover.

– I denne fireårsperioden må fylkestinget samla seg og jobba med alle tenestene som skal ut til befolkninga.

Roger Ryberg, Arbeiderpartiet. Første fylkesordfører i Viken.

Roger Ryberg går frå å vere fylkesordførar i Buskerud for dryge 270 000 innbyggarar i Buskerud, til 1,2 millionar i Viken.

Foto: Vidar Ruud

Det nye fylkestinget valde parlamentarisme med 84 stemmer, tre representantar frå Raudt var dei einaste som stemte imot.

Ei oppløysing av Viken kan tidlegast skje ved eit eventuelt regjeringsskifte etter stortingsvalet om to år.

Kart over Viken, med Lunner og Jevnaker

Viken består av Buskerud, Akershus og Østfold, og Lunner og Jevnaker som byttar frå Oppland.

Foto: Viken-prosjektet