Hopp til innhold

Slår alarm om utviklinga: Skal ha trua sambuaren med nitrogengass

Rettssystemet ser berre toppen av isfjellet meiner politiet, som nå jobbar for hurtigbehandling av familievald.

Anonym kvinne i Buskerud tingrett

Ei kvinne i 40-åra fortalde tingretten om kvelartak og drapstruslar frå den tidlegare sambuaren sin.

Foto: Kate Barth-Nilsen / NRK

Etter ordre frå Riksadvokaten skal saker om vald i nære relasjonar bli prioritert og etterforska raskt.

Hos politiet i Sør-Aust står sakene i kø, seier avsnittsleiar Jacob Kristiansen.

– Det er allereie meldt mange nye saker så langt i år, samtidig som tidlegare saker er under etterforsking. Det er krevjande saker der rask etterforsking og innhenting av bevis er avgjerande, seier Kristiansen.

Jacob Kristiansen, avsnittsleder i Sør-Øst politidistrikt

Jacob Kristiansen er avsnittsleiar for seksjon for seksuallovbrot og vald mot barn Buskerud.

Foto: Kate Barth-Nilsen / NRK

Sakene blir prioriterte. Det vil seie at dei skal etterforskast raskt for å avklare om det er bevis nok til å ta ut tiltale og føre saka for retten etter føresegnene i straffelova om vald i nære relasjonar, paragraf 282.

Riksrevisjonen har tidlegare komme med kritikk av innsatsen mot vald i nære relasjonar.

Glad for rask behandling

Natt til 26. september i fjor fekk ei kvinne i 40-åra hjelp etter ei alvorleg valdshending i Drammen.

Den tidlegare sambuaren til kvinna var på rømmen i ei veke før han blei arrestert og varetektsfengsla.

Buskerud tingrett voldssak

Kvinna i 40-åra måtte forklare seg detaljert om det tidlegare sambuarforholdet i tingretten.

Foto: Kate Barth-Nilsen / NRK

Mannen i 60-åra skal ha tatt kvelartak, slått henne og trua med å ta livet av både henne og seg sjølv – med nitrogengass.

Vel fire månader etter hendinga blei saka behandla i Buskerud tingrett. At saka har gått så raskt gjennom systemet, synest kvinna er bra.

Det har vore ein krevjande periode der ho har vore delvis sjukmeld og fått profesjonell hjelp.

– Det er bra å bli ferdig, slik at eg kan konsentrere meg om å gå vidare.

Les også Vold mot kvinner: – Det er et under at ikke flere blir drept

Mimi

Nektar straffskuld

I retten måtte mannen svare for grov fysisk og psykisk vald gjennom lang tid.

Monica Hanø politiadvokat

Politiadvokat Monica Hanø har bede om fengsel i tre år for den tiltalte mannen i 60-åra.

Foto: Kate Barth-Nilsen / NRK

– Det er særs viktig at ein klarer å sikre bevisa godt tidleg i etterforskinga av vald i nære relasjonar, noko som kan vere ressurskrevjande, særleg viss det er barn involvert. Grunnen er dei sterke psykologiske bindingane mellom dei involverte partane som kan gjere etterforskinga krevjande, seier politiadvokat Monica Hanø.

Forsvararen til mannen bad om frifinning og meiner dette dreier seg om ei enkelt valdshending, og derfor ikkje kan behandlast som vald i nære relasjonar.

– I så fall handlar det om ei kroppskrenking, sa forsvarer Hanne Pentzen i retten.

Aktor la ned påstand om tre års fengsel. Og dessutan besøksforbod for alltid og omvend valdsalarm i halvtanna år.

– Store mørketal i valdssaker

Både politiet og ekspertar er einige om at det er store mørketal i valdssaker.

– Sakene som endar med politimelding er trulege berre toppen av isfjellet. Det er store mørketal, seier avsnittsleiar Kristiansen.

Terskelen for å varsle og melde er framleis høg.

– Mange lever i månader og år med fysisk og psykisk vald, og tør ikkje fortelje om det til nokon. Vi har sett fleire drapssaker knytt til vald i nære relasjonar, seier politiadvokat Hanø.

– Handlar om meir enn blåmerke

Når det handlar om paragraf 282 i straffelova må det bevisast at valden har vart over tid, og at det er eit regime det har vore vanskeleg å komme ut av.

– Det er veldig mykje som ikkje blir vist ved blåmerke, seier Kristiansen.

Det kan vere psykisk vald, avgrensingar i økonomi og sosialt liv.

Forhold som kan vere vanskeleg å bevise, dersom meldinga endar med tiltale og rettssak.

Derfor er det svært mange av desse sakene som ikkje hamnar i retten. Det er strenge krav til bevis og tvilen skal komme den tiltalte til gode.

Les også Markerte for valdsalarm: – Står her for dei som ikkje lever lenger

Sanitetskvinnene i Drammen holdt en stille markering utenfor politihuset i Drammen i solidaritet med voldsutsatte kvinner.

Førebudd på eit krevjande år

Tidsvindauget for å avhøyre og sikre bevis kan vere lite. Går det for lang tid kan den som har opplevd vald ha ombestemt seg.

– Kvar einaste dag, kvar veke, kjem det inn nye saker, som vi må prioritere. Det er kjempekrevjande å ha så mange alvorlege og prioriterte saker samtidig, seier Kristiansen.

Han fortel om vanskelege prioriteringar kvar dag,

– Med dei ressursane vi har, må vi prioritere blant dei prioriterte sakene dette allereie er.

Og er det barn involvert er det sett freistar for kor raskt dei skal avhøyrast. Da er det eit stort apparat som blir sett i gang.

Les også Krisesentrene har økt pågang: – Norge har et høyt voldsomfang

krisesenter

Kristiansen er førebudd på enda eit krevjande år.

– Det er høgt press på etterforskarar over heile landet. Vi veit at bemanninga ikkje kjem til å bli betre, og sakene kjem til å auke. Dette er eit reknestykke som ikkje går opp.

Illustrasjon av en kvinne som forsøker å beskytte seg selv, samtidig som man ser skyggen av ei hånd.

Nye tall om familie­vold bekymrer

Hei !

Ta gjerne kontakt om du har tanker eller innspill etter å ha lest denne saken. Jeg behandler alle henvendelser fortrolig. 

Her er noen av sakene jeg har skrevet eller bidratt til tidligereAntallet anmeldelser om familievold økerSamira holdt kjeft om alvorlig narkotikakriminalitetBeboere i Drammen frykter nytt Gjerdrum Lars Hafskjold fra Lier forsvant i regnskogen