Hopp til innhold

Klar for norske morellar? I år blir dei færre og dyrare

SVELVIK (NRK): Den kalde våren har øydelagd for morellbøndene landet rundt. Avlinga vil berre nå 60 prosent av fjoråret, men dei som kjem til butikkane blir større og saftigare.

Morellar i Svelvik

På nokon av trea ser det heldigvis slik som det skal gjere på morelltre nå i midten av juli.

Foto: Azad Razaei / NRK

– Her skulle det jo hengt tjukt, men der er det heilt tomt.

Morellbonde Eivind Hellum i Svelvik viser fram tomme greiner på eitt av dei mange morelltrea hans. Han er ein av landets største morellprodusentar, men i år ser det magert ut på dei mange tusen trea hans.

– Her skulle det vore dobbelt så mykje som det er nå, seier han og peikar på eit av felta.

Dårleg morellår

Det er langt mellom morellane på fleire av trea til Eivind Hellum.

Foto: Azad Razaei / NRK

340 tonn mindre morellar enn i fjor

Medan bærplukkarar kan glede seg over ein god sesong for både bringebær, jordbær og blåbær, Forskning.no skriv at det ligg bra an for eplehausten, er det altså verre for dei som sverjer til steinfrukt som morell og pære.

– I forhold til fjoråret ser det ut til å berre bli 60 prosent av morellavlinga og ein nedgang på 40 prosent. Det er ganske betydeleg for ei vare som det er høg pris på. Dette vil bety mykje for produsentane, seier Leif Ekle, fruktlagerinspektør i Grøntprodusentanes samarbeidsråd.

Den varme våren i fjor gjorde fjoråret til ein god sesong for morelldyrkarane, men i år kom våren for tidleg.

– Det var varmt i april og det blei tidleg bløming, men så kom dessverre ein kuldeperiode i mai som gjorde at frukta ikkje sette seg som me seier. Det tok lang tid før det blei pollinert, forklarer Ekle.

I Svelvik innrømmer Hellum at han er fortvila.

– Ja, ein blir jo det. Avlinga mi blir nok 30 prosent dårlegare enn i fjor.

Eplehausten betre enn frykta

Den same kulda gjorde også eplebøndar svært bekymra i vår, men fruktrådgjevar Endre Bjotvedt i Norsk Landbruksrådgiving Vest, seier det ser rimeleg bra ut ein drøy månad før dei fyrste epla blir hausta.

– Det ser ut som dei låge temperaturane i vår ikkje har gjort så frykteleg stor skade, seier Bjotvedt.

Vietnamesiske morellplukkarar

På garden i Svelvik plukkar vietnamesiske arbeidarar morellane, ein etter ein.

Foto: Azad Razaei / NRK

Men dei blir større og saftigare

Det er Lærdal, Lier/Svelvik og Telemark som er dei største områda for morelldyrking her til lands, og alle melder om dei same problema.

Del av morellehagen til Lysne på Ljøsne i Lærdal

Lærdal har tradisjonelt sett vore den største morellbygda. I år blir det 60–70 tonn mindre morellar berre i vestlandsbygda med det gunstige klimaet.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Der ein i fjor var oppe i 790 tonn morellar i Noreg, vil ein i år ende opp med 450–500 tonn. Det vil ein som forbrukar merke på prisen på morellane i butikkane, bekreftar Ekle.

– Produsentane prøvar å presse prisen opp sidan dei har betrakteleg mindre morellar enn i fjor. Samtidig er det konkurranse frå utlandet, prisen blir noko høgare enn i fjor, men forhåpentlegvis ikkje veldig stor.

Men som kjent, det er aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Dei norske morellane du etter kvart får kjøpt i butikkane vil likevel vere spesielle sjølv om avlinga har vore dårleg.

– Tilbakemeldingane frå bønder både i Telemark og Lærdal er at når det ikkje er så mange bær på trea, blir dei veldig store. Dei er færre, men dei er større, og skikkelege saftige og gode, lovar Ekle.

Dei fyrste norske morellane blir pakka i desse dagar i Hardanger og i Telemark, og du vil finne dei i butikkane i slutten av denne veka.