Hopp til innhold

Bolt gav råd til landets raskaste 15-åring: – Han ligg godt an

DRAMMEN (NRK): Scott Ygård (15) fekk eit drøymemøte med sitt aller største forbilde. Men Usain Bolt imponerte ikkje 15-åringen med farta på trening med Strømsgodset.

Sjå korleis Usain Bolt reagerte da Scott Ygård spurde han om råd for å bli enda raskare etter treninga med Strømsgodset.

– Så, eg tenkte eg kunne spørje om du hadde nokre tips til meg?

Scott Ygård, som sjølv tok UM-gull på 200 meter i vinter, står plutseleg ein halv meter frå verdas raskaste mann og sitt aller største idol.

To sekund bak Bolt

Usain Bolt er til og med villig til å gje drammensguten som er landets raskaste 15-åring eit par gode råd.

– Kva spring du og kor fort har du springe, spør Bolt.

– Eg spring 100 meter og har 11,58 som pers, svarer Scott og jamaicanaren blir tydeleg imponert.

– Når du spring på denne tida i den alderen er det veldig bra, seier Bolt som har verdsrekorden på 9,58, nøyaktig to sekund raskare.

Bolt og Scott Ygård

Eit drygt minutt fekk Scott aleine med Usain Bolt før han gjekk inn i garderoben etter si andre trening med Strømsgodset.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Scott er heilt skjelven der han står det dryge minuttet han får saman med mannen med 8 Ol-gull og 11-VM-gull.

Vil sjå Scott springe

Han får høyre at Bolt gjerne skulle sett ein video av han springe, slik at han kunne kome med fleire tips på løpsteknikk. Men det viktigaste tipset Bolt kunne gje var å jobbe knallhardt.

– Hald fram med å jobbe hardt og push deg sjølv. Det er aldri lett, det må du hugse. Ver positiv og tru alltid på deg sjølv. Å bli best handlar om dedikasjon og hardt arbeid. Det er det eg har gjort, seier Bolt og legg til.

Bolt scorte

Usain Bolt imponerte med fleire mål på treninga med Strømsgodset. Da var han raskt ute med feiring.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Eg håpar eg kan sjå deg springe før eg reiser herfrå.

Ikkje så rask som han hadde trudd

Ein mildt sagt starstruck Scott avsluttar det korte møtet med eit bilete saman med sin store helt. Det har nok ikkje vore mange større dagar enn denne for 15-åringen.

– Det er vanskeleg å setje ord på. Bolt har vore førebilete sidan eg var liten og starta med friidrett. Å få lov til å møte han betyr alt for meg og er veldig stor motivasjon til å trene vidare.

Fornøgd Scott Ygard

Scott Ygard var skjelven og overlukkeleg etter møte med Usain Bolt.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Men han var ikkje akkurat som Scott hadde trudd.

– Han var svær, men kanskje ikkje like høg som eg hadde trudd. Og han ser eigentleg ikkje så rask ut, flirer han

– Kan du bli like rask som han var ein gong?

– Ja, det er målet. Eg satsar 100 prosent på friidretten og vil bli så god som eg kan.