Hopp til innhold

Bolt-samanlikning blir latterleggjord: – Respektlaust

Da Kylian Mbappés fart på fotballbana blei samanlikna med verdsrekorden til Usain Bolt, sette norske utøvarar foten ned.

collage usqain bolt og kylian mbappe

VERDSMEISTRAR: Usain Bolt er framleis kjent som den raskaste mannen i verda, sjølv om han har lagt løpeskoa på hylla. Kylian Mbappé har imponert med farten sin på fotballbana.

Foto: Michael Sohn/Vincent West / AP Photo/REUTERS

I Paris Saint-Germains meisterligamøte mot Real Sociedad tysdag, blei PSG-spiss Kylian Mbappés fart på 100 meter estimert til 10,9 sekund.

«Det er berre litt over eit sekund bak Usain Bolts verdsrekord», skreiv BBC Sport.

Til 71,8 millionar følgarar på Instagram skreiv den populære fotballkontoen 433:

– Kylian Mbappé slo nesten Usain Bolts verdsrekord på 100 meter.

Da vakna den norske sprintkometen Håvard Bentdal Ingvaldsen, som tok seg til VM-finalen på 400 meter i fjor. Han er blant dei mange som har påpeika at samanlikninga med Bolt ikkje er så imponerande.

skjermdump mbappe-bolt

SKJERMDUMP: Ingvaldsen blei ikkje imponert over Mbappés tid.

Foto: Skjermdump / Instagram

– Eg trudde faktisk han var raskare, skreiv han i kommentarfeltet til 433.

– 10,90 er ikkje så raskt og det var mest sannsynleg gjort med fart frå før. Det er ikkje eingong i nærleiken av verdsrekorden for kvinner på 100 meter, la Ingvaldsen til.

NRKs friidrettskommentator Christina Vukicevic Demidov kom òg med klar tale på Instagram:

«Stopp samanlikninga av sportar».

Skjermdump Christina Vukicevic Demidov
Foto: Skjermdump @christinav.d / NRK

– Eg lo da eg såg det

Friidrettskontoen Jumpers World, med 650.000 følgarar på Instagram, har vore i kontakt med Bolt om samanlikninga til 433.

– Eg lo da eg såg det. Kvinnene spring raskare enn det, skreiv Bolt.

Det internasjonale friidrettsforbundet har òg meldt seg på latterleggjeringa:

«10,90? Så søtt», skriv dei på X, med bilete av sprintarane Shericka Jackson og Shelly-Ann Fraser-Pryce, som fniser i lag.

skjermdump X @WorldAthletics

SKJERMDUMP: World Athletics gjorde narr av samanlikninga på X.

Foto: Skjermdump @WorldAthletics / X

Verdsrekorden for kvinner er det amerikanske Florence Griffith-Joyner som har, med tida 10,49.

Mbappés estimerte 10,90 hadde ikkje halde til meir enn ein 13. plass på årsstatistikken til det internasjonale friidrettsforbundet for kvinnene i 2023 – og 5182. plass for menn.

– Dei raskaste kvinnene i verda er ekstremt raske. Så det er respektlaust overfor friidrettsutøvarane å samanlikne Mbappé med dei beste sprintarane i verda. Han er vanvitig rask, men det er noko heilt anna, seier sprintar Even Meinseth til NRK.

Usain Bolt setter ny verdensrekord på 100 meter med tiden 9,58.

Usain Bolt sette ny verdsrekord på 100 meter med tida 9,58 under friidrett-VM i Berlin 2009.

– Han hadde vore ute av kamerabildet

Samanlikninga fekk nemleg òg Meinseth til å ta til tastaturet:

skjermdump even meinseth
Foto: Skjermdump @evenmeinseth / X

27-åringen, som har 10,29 som personleg rekord og har vunne tre NM-gull på 100 meter, meiner det er forskjell på å vere «fotballrask og friidrettsrask».

– På bana har ein allereie fart frå før, mens i friidrett skyt ein ut frå startblokk. Det er umogleg å samanlikne eigentleg, seier sprintaren.

Bolt sprang eksempelvis dei siste 100 meterane i ein 150 meter på 8,70 sekund tilbake i 2009.

– Det er sikkert ein del sprintarar som ikkje hadde verka så raske på grasmatta, og utøvarar som er raske i fotball som ikkje hadde fått det til på friidrettsbana. Å springe med fotballsko på gras er noko anna enn å springe med piggsko som sprintar, seier Meinseth.

Even Meinseth

SPRINTAR: Even Meinseth har sprunge 100 meter på 10.30.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Speed Showdown har laga ein simulasjon av korleis det hadde sett ut om Mbappé hadde sprunge mot Bolt på friidrettsbana.

– Viss du set dei ved sida av kvarandre, slik som i simuleringa, ser ein at Mbappé fort hadde vore ute av kamerabildet, seier Meinseth.

Trur Haaland kunne blitt mangekjempar

Men sprintaren meiner det er fleire store fotballspelarar som kunne blitt suksessfulle friidrettsutøvarar:

– Sjå på dei, dei er vanvitige atletar. Erling Braut Haaland med styrke og spenst, som er relativt rask. Og Mbappé med hurtigheit og akselerasjon. Dei er raske i tillegg til å skulle skåre mål.

Haaland har òg ein høgst uoffisiell verdsrekord i friidrett som femåring:

Haaland

Haaland om «verdensrekord»: – Hatt lange bein hele livet

Kva friidrettsgrein trur du dei kunne blitt gode i?

– Mangekamp for Haaland. Han har allsidigheita, men er ikkje skikkeleg god til å sprinte, slik som Mbappé, som har den ekstreme hurtigheita. Han trur eg burde satsa på nettopp sprint.

– Eg skjønner at dei valde fotballen med tanke på pengar, fleipar Meinseth.

null
Spiller nå
Scorer fra egen banehalvdel (!) 00:28
Neste

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal