Alternativ til Vald har behandla fleire tusen klientar dei siste 25 åra. Berre i fjor var 1889 personar innom. Mange av dei er foreldre med sinneproblem, som «Marianne».
2019:
«Marianne» har kjent sinnet boble mange gonger. Det skal ikkje så mykje til. Vonde relasjonar og livserfaringar har klumpa seg saman til ei tung bør. Suget etter rusen gjer lunta endå kortare.
Det er som om ho blir ein annan person.
– Eg levde eit slags dobbeltliv. Kutta ut nettverket rundt meg, og prata berre med dei nærmaste. Men dei visste jo ingenting. Dei ante kanskje at det var noko rart med meg, men kunne ikkje sette ord på det - for eg fungerte jo i kvardagen, på ein måte.
«Marianne» blir fort sint, på alt og alle.
Ho har tre ungar. Den eldste, sonen «Tobias», ser mamma bli svart i auga og forsvinne ut av seg sjølv.
Ho kjeftar, kranglar og knuser ting.
14. mars 2019 kokar det verkeleg over.
«Hilde» i naboleilegheita har hatt ei dårleg magekjensle i nokre månader.
Fleire gonger har ho høyrt rop og høglydt krangling.
– Magekjensla sa meg at det var noko som ikkje stemte. Eg tok det opp to-tre gonger, og sa at eg berre ville hjelpe. At det var betre å få hjelp, før noko skjedde. Men «Marianne» nekta for at noko var gale, og prata det berre bort.
14. mars får «Hilde» likevel stadfesta mistanken.
«Hilde» har akkurat kome heim frå jobb, og er i gang med å vaske huset.
Ho er ute for å riste eit golvteppe, når ho høyrer eit redselsskrik.
Då går ho rett inn til naboen, utan å blunke.
Der er det fullt kaos.
– Han var tydeleg prega - både fysisk og psykisk. Han bad meg om hjelp, og ville bort derifrå. Det var det same kvar han budde, berre han slapp å vera der, sa han. Det gjer noko med ein, å få høyre det. Det var heilt ... ja, ein trur nesten ikkje at det er sant når ein står i det, fortel «Hilde».
Ho varslar barnevernet. Same kveld står barnevernsvakta på døra hjå «Marianne», saman med politiet.
Ungane blir plassert hjå slektningar, og «Marianne» får besøksforbod. Seinare blir ho dømt for vald mot sonen sin.
– Skjønte du sjølv at du trong hjelp då?
– Ja, men ikkje før etterpå altså. Sjølve den dagen var jo heilt kaos. Men eg forstod alvoret i det som hadde skjedd. Eg var samarbeidsvillig i avhøyr, og forklarte kva eg hadde gjort. Eg visste jo at det ikkje var bra.
Det absolutte botnpunktet
«Marianne» mista ungane, huset, jobben og verdigheita.
Likevel greidde ho å sjå framover. Ho takka ja til tilbod om rusbehandling, og starta i terapi hjå Alternativ til Vald (ATV).
Alternativ til Vald tilbyr terapi og behandling knytt til vald i nære relasjonar.
Foto: Caroline Utti / NRK– Eg følte at eg ikkje var verd ein drit etter det som skjedde. Då betydde det mykje å møte nokon som lytta til meg, og som behandla meg som eit menneske.
Blant dei var Morgan Adolfsen, psykologspesialist i ATV.
– Eg hugsar han minna meg på at eg framleis var mor til «Tobias», og at eg ikkje kunne miste det. Det lyfta meg opp, og gav meg motivasjon til å tenkje «dette skal eg klare».
No er «Marianne» betre på å handtere kjensler og reaksjonar. Ho kan framleis kjenne på sinne, men ho mistar ikkje kontrollen.
Ho blir ikkje lenger svart i auga.
Alternativ til Vald opna sitt fyrste distriktskontor i Drammen for 25 år sidan. I starten tok dei for det meste i mot menn som brukte vald i det offentlege rom, mot barn, eller mot partnaren sin.
– Etter 25 år finst det framleis ein del foreldre som strever med sinne og aggresjon, og som kan bli så sinte eller skremmande at ungane blir redde. Alle kan bli sinte og frustrerte i blant, utan at ein har eit sinneproblem. Men viss det skjer hyppig, og ein mistar kontrollen, så bør ein søke hjelp, seier Hanne Eriksen, dagleg leiar i ATV Drammen.
Hanne Eriksen, dagleg leiar ved Alternativ til Vald i Drammen.
Foto: Caroline Utti / NRKFramleis er det flest menn som får hjelp gjennom ATV. Men dei tek også i mot stadig fleire mødrer, som «Marianne».
– Folk ringjer som oftast inn sjølv, viss dei opplever at ting har gått for langt. Me får også tilvisingar frå barnevernet, seier Eriksen.
Ein ny sjanse
Rolla som «brysam nabokjerring» kan i nokre tilfelle vera avgjerande. «Marianne» og «Hilde» mista kontakten rett etter hendinga i 2019, men no i dag er dei gode vener.
– Eg hadde kanskje ikkje vore der eg er i dag, viss ikkje ho hadde meldt ifrå, seier «Marianne».
I løpet av dei siste par åra har ho kome seg tilbake på rett kjøl, og fått tilbake omsorgsretten for ungane.
– Korleis er forholdet mellom deg og «Tobias» i dag?
– Det er veldig bra. Me pratar saman om alt, og han fortel meg ting. Og viss det er noko, så kan eg gje han små råd og fortelje om ting eg har lært hjå ATV. Så tek han det til seg, og lærar det vidare og ... ja, det er ganske fint, smiler trebarnsmora.
Alternativ til Vald behandla totalt 1889 klientar i 2020.
Foto: Caroline Utti / NRK– Er du redd for å bli så sinna igjen, slik at du skadar ungane dine?
– Nei, eg er ikkje redd for det. No har eg kontroll på ting, og eg har det betre med meg sjølv. Eg har også lært at eg kan vera ærleg og seie ting, og seie ifrå viss eg kjenner at eg treng hjelp. Det er også mitt beste råd til andre i liknande situasjonar - ver ærleg og prat med nokon.
«Marianne» vart dømt til drygt 200 timar samfunnsstraff for det ho gjorde mot sonen. Til våren har ho sona ferdig. Då er planen å begynne på skulen att, og etter kvart få seg jobb som erfaringskonsulent, slik at ho kan hjelpe andre som seg sjølv.
Hei!
Fekk denne saka deg til å stoppe opp å tenkje på noko, eller kjenner du deg att? Skriv gjerne til meg viss du har ei sterk historie å fortelje, eller viss du har tips til andre relaterte saker eg bør sjå på.
Her er nokre av sakene eg har jobba med tidlegare: