Hopp til innhold

Vektarar må gjera politijobb: – Sterkt kritikkverdig

Kommuneleiinga i Hemsedal ropar varsku knytt til politiberedskapen. Berre sidan desember har kommunen brukt 700.000 kroner på å leige inn eigne vektarar til å patruljere i bygda.

Daglig leder Owe Carlsson (f.v.) og vekter Martin Rand Fagerstrøm i vaktselskapet Orden & Trygghet (OT) Vakttjeneste i Hemsedal.

Dagleg leiar Owe Carlsson (f.v.) og vektar Martin Rand Fagerstrøm i vaktselskapet Orden & Trygghet.

Foto: Caroline Utti / NRK

Påskeeftan, 3. april 2021: Hemsedal førebur seg på ein langt rolegare påske enn vanleg.

Likevel får vektarane i det lokale vaktselskapet Orden & Trygghet (OT) tips om at nokon har tatt seg til rette på området til skisenteret etter stengetid.

50–60 personar har samla seg til «full fest».

Vektarane prøver fyrst å prate med festdeltakarane, for å få dei til å bryte opp. Så ringjer dei operasjonssentralen til politiet for å få hjelp.

Men den nærmaste politipatruljen er halvannan time unna, og sentralen vil ikkje sende bakvakta. Politiet ber dei skaffe fleire vektarar, og heller ringje tilbake om det blir nødvendig.

Holdeskaret, Hemsedal. Utsikt mot Veslestølen og skisenteret.

Under ein normal høgsesong med fulle hus, har OT ansvar for vakthaldet i eit område med opp mot 25.000 menneske.

Foto: Caroline Utti / NRK

Ein gjengangar

Dermed må vektarane klare seg sjølve. Det er korkje fyrste eller siste gong.

– Me har forståing for at politiet har store område dei skal dekke. Men likevel – når me har prøvd å få tak i dei, så er det ofte me har fått til svar at dei er langt unna, eller ikkje har nokon å sende. Så me har kjent oss litt åleine, seier Owe Carlsson, dagleg leiar i OT.

Vaktselskapet har loggført fleire episodar der vektarane har bede politiet om hjelp. NRK har fått innsyn i delar av loggen.

1. april:

«Kjørte patruljerunde i ... ca. kl. 21.00. Så det var mange ungdommer (ca. 18-25 år) på en leilighet. Ba dem løse opp festen, dette ble gjort.

Kom tilbake ca. kl. 00.00, da var det fest der igjen. Ringte politiet. Patruljen var halvannen time unna, og de ville ikke sende bakvakta.»

Hemsedal, sett fra Holdeskaret v/ Veslestølen.

4. april:

«Mye å gjøre i ettermiddag/kveld/natt. Flere store samlinger med opptil 60 pers utendørs som grilla, dansa og drakk. Løste opp disse. Tok mye tid da flere var misfornøyde med dette.

Flere fester rundt om i Hemsedal. Politiet ville ikke/kunne ikke hjelpe oss.»

Hemsedal, sett fra Holdeskaret.

17. april:

«Travel lørdag. Var på en fest på ..., men de hørte etter og stoppet festen. Ble ringt opp av N.N., der det var full slåsskamp inne.

Ble ringt opp av politiet som hadde fått melding om fest på en privat hytte. Sa til dem at jeg kunne nå reise opp, selv om private hytter og fester strengt tatt var politiets område. Fikk alle som ikke bodde der til å reise. Leiligheten så ikke ut, knuste flasker og glass inne på gulvet, så hadde nok vært MANGE på fest der.»

Leiligheter og stolheis i Holdeskaret, Hemsedal.

Etter påske vart det påvist sju tilfelle av koronasmitte som kunne sporast tilbake til private festar i Hemsedal.

Vektarar går med kamera

– Korleis kjennest det å stå i slike situasjonar og prøve å ringje politiet, men så kjem dei ikkje?

Martin Rand Fagerstrøm har begynt å gå med kamera på kroppen når han er på jobb som vekter i Hemsedal, og havner i opphetede situasjoner.

Fleire av vektarane i Hemsedal har begynt å gå med kamera på jobb.

Foto: Caroline Utti / NRK

– Frykteleg frustrerande. Når me fyrst ringjer, då er det prekært. Då treng me hjelp. Det er ikkje det at eg trur at politiet ikkje vil kome, men det verkar som om det stoppar opp i eit eller anna ledd, seier vektar Martin Rand Fagerstrøm.

Den seinaste tida har han fleire gonger stått åleine med rusa og utagerande folk.

Det har ført til at han no går med kamera på kroppen dei gongene han fryktar at stemninga kan bli amper.

Folkeansamling og fest ved skisenteret i Hemsedal, påsken 2021.

Vektarar stoppar fest ved skisenteret i Hemsedal. Foto: Orden & Trygghet

– Det er for min eigen sikkerheit, så eg kan vise kva som faktisk har skjedd. Eg skrur på når eg merker at det går galne vegen. Så fortel eg folk at det dei seier og gjer blir tatt opp. Og då endrar stemninga seg stort sett – folk tenkjer seg om to gonger.

Daglig leder Owe Carlsson (f.v.) og vekter Martin Rand Fagerstrøm i vaktselskapet Orden & Trygghet (OT) Vakttjeneste i Hemsedal.

– Politiet må kome på banen, seier Owe Carlsson, dagleg leiar i vaktselskapet OT i Hemsedal.

Foto: Caroline Utti / NRK

Politiet svarer

– Me meiner jo sjølv at me har følgt opp. Men eg opplever òg at politiet og kommunen sin oppfatning av verkelegheita er litt ulik, knytt til korleis me har opplevd situasjonen. Uansett så tek eg tilbakemeldingane frå Hemsedal på alvor, seier Brit Fyksen, politistasjonssjef i Hallingdal.

Fyksen peikar på at pandemi og stengde utestader har ført til at behovet for synleg politi har vorte både annleis og mindre enn elles, også i Hemsedal.

Vidare fortel ho at politiet var til stades i Hemsedal med uniformerte patruljar både i løpet påska og elles i høgsesongen – trass i at kommunen og vektarane seier dei har opplevd det motsette.

Brit Fyksen

Brit Fyksen, politistasjonssjef i Hallingdal.

Foto: Politiet

– Me har vore der. Men det kan hende at dei hendingane eller oppdraga som refererer til (1., 3. og 4. april, journ.anm.) tilfeldigvis har vore slik at politiet ikkje har vore i umiddelbar nærleik.

– Har det at Hemsedal har rigga seg såpass godt med vektarar blitt ei kvilepute for politiet?

– Det vil eg ikkje seie. Og eg ynskjer ikkje at vektarane i Hemsedal skal ta over den jobben som er meint for politiet. Me har hatt, og har, eit veldig godt samarbeid med Hemsedal kommune. Særleg knytt til turisme og uteliv gjennom vintersesongen, seier Fyksen.

– Men eg prøver å forklare at situasjonen har vore litt annleis no, knytt til pandemien, legg ho til.

Bekymra for beredskapen

I desember i fjor såg kommuneleiinga seg nøydd til å rigge seg med eigne vektarar, for å ha nokon til å patruljere, prate med folk og hindre at «ting sklir ut». Til no har det kosta kommunen 700.000 kroner.

Ordførar Pål Rørby (Sp) meiner politiet har vorte gradvis mindre tilgjengelege i løpet av dei siste to-tre åra – og er bekymra for korleis politiberedskapen blir i framtida.

Pål Rørby, ordfører (Sp) i Hemsedal.

Pål Rørby, ordførar (Sp) i Hemsedal.

Foto: Caroline Utti / NRK

– Me trur dette har med struktur og system å gjera. Dei er for langt unna, har for lite ressursar og lite lokalkunnskap. Det ser ein når dei sjølv på varsla datoar og tidspunkt ikkje klarar å prioritere ein plass som Hemsedal – der det er eit stort behov.

– Somme av vektarane har begynt å gå med kamera på kroppen, og seier dei kjenner seg åleine knytt til samarbeid med politiet. Kva tenkjer du om det?

– Det tenkjer eg er sterkt kritikkverdig. Då er det noko i systemet som ikkje fungerer.