Hopp til innhold

– Senterpartiet gjorde ikkje ein god nok jobb i regjering

Store mengder matjord er bygt ned sidan 1999. Per Olaf Lundteigen meiner politikken var for defensiv.

Jorde på ytterkollen i Nedre Eiker

KORNÅKER: Denne åkeren i Nedre Eiker taklar tørkeåret godt då den får vatning frå elva i nærleiken.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Frå 1999 til 2017 har over 500.000 dekar med jordbruksareal gått ut av drift.

– Det viser at me gjorde ein for dårleg jobb. Eg har sagt ifrå om dette tidlegare og meiner det er viktig at me som folkevalde tørr å seia kva me meiner sjølv om vårt eige parti er i regjering, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen.

Per Olaf Lundteigen og Mogul 10-20 International Harvester

KRITISK: Per Olaf Lundteigen er kritisk til sitt eige parti si tid i regjering. Han meiner dei ikkje gjorde ein god nok jobb med jordvernet.

Foto: Kim Holtan / NRK

Lundteigen er ikkje nøgd med korleis utviklinga har vore.

– Det betyr jo at matvareberedskapen vår blir svekt. Risikoen for problem vil bli større for kvart år.

Tidlegare landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) deler Lundteigen sin uro for beredskapen og matjorda.

– Når det gjeld kritikken so ynskjer eg å nyansere det noko. Me byrja med eit mål om å omdisponera 8000 og enda på 6000 dekar dyrka jord. Det vart gjort ein betydeleg innsats for å redusera omdisponeringa, men me kom dessverre ikkje langt nok.

Ynskjer å halde på jorda

Jordvernmålet i Noreg er no at berre 4000 dekar med matjord kan bli omdisponert til andre formål enn jordbruk.

– No er me like ved å nå jordvernmålet for 2017. Det betyr at me har redusert nedbygginga med 50 % i løpet av få år, fortel landbruksminister Jon Georg Dale (FrP).

Jon Georg Dale

MATJORD: Landbruksminister Jon Georg Dale ynskjer å ta vare på so mykje matjord som mogleg.

Foto: Hilde Skarvøy Gjestland / NRK

– Eg er oppteken av at me skal halde oppe jordbruksareala og derfor er det viktig at me legg til rette for eit landbruk over heile landet med ei tydelegare arbeidsfordeling. Me må satse på korn, frukt og grønt på dei sentrale områda på Austlandet og husdyrproduksjon i distrikta.

Leiar i næringskomiteen på Stortinget, Geir Pollestad (Sp), meiner det må strengare tiltak til.

– Det er ingen menneskerett å omdisponere matjord, men det er ein menneskerett å ha tilgang på mat. Då må me som nasjon ta vare på dei svært knappe ressursane me har til å dyrka mat.

Salat og kornåker i Nedre Eiker

MATJORD FORSVINN: Sidan 1999 har jordbruksarealet i drift gått ned med 5 %.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Må stoppe utbygginga

– Eg meiner det er viktig å ha eit evigvarande vern av matjord langt fleire stader i landet. Då slepp ein at utbyggjarar og lokalpolitikarar som ynskjer å vinna val bidreg til å halde eit press på å byggja ned god matjord, seier Pollestad.

Geir Pollestad, Sp

STERKARE VERN: Geir Pollestad ynskjer eit sterkare jordvern i Noreg.

Foto: Margret Helland

Som ei løysing på problemet ynskjer Lundteigen blant anna å bruka moderne teknologi til å skape arbeidsplassar utover i landet.

– Eit anna tiltak er å regulere den fruktbare jorda rundt byar og tettstader til jordbruk. Då viser me at den er oppteken. Me unngår då konfliktane med utbyggarar som ynskjer å øydelegge jorda ved å byggja hus og vegar på ho.

Landbruksministeren vil ta vare på so mykje matjord som mogleg og leggje til rette for eit jordbruk over heile landet.

– Me har framleis eit forbetringspotensial og det skal me framleis strekkja oss etter.