Hopp til innhold

Har mista matjord tilsvarande Oslo i størrelse

NEDRE EIKER (NRK): Matjorda i Noreg har sakte minka sidan 1999. Det er ofte den beste matjorda som forsvinn.

Salat og kornåker i Nedre Eiker

GRØNSAKER: På jorda på Ytterkollen blir det produsert både grønsaker og korn. Grønsakene i forgrunn klarer seg godt då dei har vatning frå elva som ligg tett på garden. Kornet i bakgrunnen har slite med tørka i sommar.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– På god matjord vil ein kvadratmeter med korn gi eit brød i året. So om du byggjar ned 200 mål, so er det 200.000 færre brød i året.

På Ytterkollen i Nedre Eiker ligg store jorde med produktiv matjord. Mellom åkrar med korn og grønsaker står bonde, og leiar i det lokale Bondelaget, Knut Olav Stryken. Han er uroa for utviklinga.

– Det kjem snikande. Det forsvinn ein jordlapp her og ein jordlapp der som me ikkje kan få tilbake. Det som er skummelt er at me på eit tidspunkt kjem til å ha for lite mat. Og då er det for seint å snu.

Tal frå SSB viser at jordbruksarealet som er i drift har gått ned med 5 % sidan 1999.

Bygg og infrastruktur tek jorda

Knut Olav Stryken

YNSKJER Å HALDE PÅ JORDA: – Det er areal i Noreg som egnar seg til nydyrking, men det bør me gjere for å styrka opp og få meir matjord. Den beste matjorda me har er den som ligg der i dag. Det er jord som har ligge der i kanskje fleire tusen år og som har byggja opp eit veldig rikt jordsmonn for matdyrking, fortel bonde Knut Olav Stryken.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Dei 15 åra eg har drive her har me stort sett kjempa ein kamp for matjorda kvart år. Den beste matjorda ligg rundt dei store byane og det er der presset for å utvide er størst i dag. Då er det gjerne matjorda som står i fare for å ryke, seier Stryken.

Bygg og infrastruktur stod for å omdisponere til saman 3208 dekar av dyrka jord til anna bruk i 2017. På Ytterkollen har sjukehus, godsterminalar, jernbaner, vegar og bustader ynskja å byggja på matjorda.

– Det er spesielt problematisk at det er område rundt konsentrerte busettingar som er utsett for mest press for omdisponering og som samstundes har dei beste avlingsforholda, fortel Ivar Pettersen, seniorrådgjevar ved Noregs institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Ivar Pettersen seniorrådgjevar i NIBIO

NY JORD: Samstundes som jord blir omdisponert kjem det ny jord til. I 2017 kom 22 702 dekar med jord til landbruket. – Det me ser av nydyrking i Noreg kjem frå bønder som er driftige, ryddar skog og drenerer myrer, fortel Seniorrådgjevar i NIBIO, Ivar Pettersen.

Foto: Erling Fløistad / E. Fløistad, NIBIO

– Det å omdisponere 100.000 dekar med godt kornareal betyr at me gir frå oss 40–50 millionar kilo korn i året, seier forskaren.

Sidan 1999 har jordbruksarealet i Noreg gått ned med 541.508 dekar. Til samanlikning har heile Oslo kommune eit areal på 454.030 dekar.

Ynskjer eit strengare jordvern

Landbruksminister Jon Georg Dale fortel at utviklinga har bremsa med 50 % dei siste åra.

– Min ambisjon er at me skal omdisponere so lite som mogleg av matjord. Samstundes so må me byggja ut heilt naudsynt infrastruktur og folk må ha ein stad å bu. Det betyr at i pressområda so vil me framleis ha omdisponering av jord, men det vil vere betydeleg mindre enn i tidlegare regjeringar.

I 2015 kom strengare mål for kor mykje dyrka jord som kan omdisponerast kvart år. Bonden på Ytterkollen meiner at det bør bli enda strengare.

– Me som er tett på produksjonen ser kor sårbart dette er og kor avhengige me er av å ha god matjord. Alt peikar på at mat kjem til å bli ein knapp ressurs i framtida og då tykkjer eg at det er rart at dei som styrer landet ikkje tek jordvernet meir på alvor.