Hopp til innhold

Medan det er fôrkrise i sør, har ikkje bønder råd til å drifte landskapet som gror igjen

Berre tre prosent av norsk areal nyttast til jordbruk. No ber Småbrukarlaget om at det blir tatt grep, slik at mest mogeleg jord blir tatt i bruk.

Astrid Olsen

Leiar for Nordland Bonde og småbrukarlag, Astrid Olsen, meiner norske småbønder treng støtte til å ta i bruk mindre teigar som er dyre å halde i drift.

Etter ekstremtørka denne sommaren har vist på kor sårbart det norske landbruket er, har mange kome med idear for å gjere norsk matproduksjon meir robust.

– I Småbrukarlaget har vi lenge prata om at vi må ha eit såkalla driftsvansketilskot eit ekstra tilskot til bratt areal og små teiger. Der det ikkje er enkelt å drive med maskinar, må vi ha betalt for arbeidet med å halde jorda i hevd og drive den.

Astrid Olsen er leiar i Nordland Bonde- og småbrukarlag. Ho tykkjer kommunane har eit ansvar for å sikre drift på små, utilgjengelege eller karrige teigar som i dag står brakk.

Ho meiner kommunane etter kvart byrjar å få eit godt kart over jordtypar og kva dei ulike teigane kan brukast til. Difor tek ho no til orde for kommunale jordbankar.

– Om eit ungt par i Oslo seier «åh det er so vakkert i Gildeskål, lat oss flytte dit og drive landbruk», so kan dei ringje kommunen og få beskjed om kvar der er jord og hjelp til å få på plass langsiktige avtalar, seier Olsen.

Staten har eit ansvar

nedlagt-jord_Kalvika_Sørfold_Nordland__kl-1523

Den fattige treprosenten av norsk areal som kan brukast til jordbruk, krympar. Her ser vi nedlagt jord i Kalvika, Sørfold.

Foto: OSKAR PUSCHMANN

– No er det jo billegare å importere kraftfôr enn å dyrke eige fôr. Det kan ikkje halde fram.

Olsen seier myndigheitene må sørge for at kraftfôr vert dyrare, slik at bøndene får meir att for å satse på graset på jorda deira. Ho meiner også at bønder bør få meir støtte til å drenere og ta i bruk teigar som ligg vanskeleg til.

– Om ein ikkje kan køyre over jorda på ein halvtime, men må bruke tre timar på å slå den, so må ein jo ha betalt for det, seier Olsen.

Laster innhold, vennligst vent..

– Tilskot er ikkje svaret

– Eg skjønar problemet, men eg trur ikkje dette er løysinga, seier Dagfinn Olsen.

Han er gruppeleiar for Framstegspartiet i Nordland fylkesting, og eig sjølv eit småbruk som står utan drift i Lofoten.

Dagfinn Olsen

– Vi har tilskot nok, men eg ser ikkje at det er umogleg at vi kan ta ein diskusjon om å hindre attgroing av den jorda som finst, seier Dagfinn Olsen (Frp).

Foto: Ole Marius Rørstad / NRK

– Personleg tykkjer eg det er trasig å sjå mi eiga jord gro att, men det er nett dette som er problemet: attgroing, ikkje for lite jord, seier Dagfinn Olsen.

Av eiga erfaring fortel han at mange gardsbruk, inkludert hans eige, står tomme, og at dei bøndene som framleis driv, brukar den jorda dei treng.

– Der er jord nok for dei som ynskjer å dra nytte av den, seier Dagfinn Olsen.

Bøndene på New Zealand anser seg som verdens beste – helt uten statlig støtte.

New Zealand er ein demokratisk velferdsstat med om lag like stort folketal som oss. Trass i det driv dei landbruk heilt utan statleg støtte.

Det har ikkje lukkast NRK å få eit intervju med den politiske leiinga i Landbruks- og matdepartementet, men politisk rådgjevar Karine Skaret kom med eit skriftleg svar:

«Etter jordlova er det driftsplikt på dyrka mark. Forma på tilskotsordningar i jordbruket vert fastsett i dei årlege jordbruksforhandlingane som finn stad i mai. Gjeldande avtale 2018–2019 er inngått mellom Noregs Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og staten.»

Nedlagt jord i Sørfold i Nordland

Nedlagt jord, her frå Sørfold.

Foto: Oskar Puschmann