Hopp til innhold

– 16 minutt betyr mykje for mange

Dei som mista sine nære på Utøya reagerer på informasjonen om at politiet kunna ha vore på øya 16 minutt før.

Robert Christensen mista dotter si, Birgitte (15) på Utøya

Robert Christensen er ikkje i tvil om at politiet gjorde for dårleg jobb på Utøya

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Hadde politiet vore der berre fem eller ti minutt før, hadde både dotter mi og kanskje over tretti andre ungdommar vore i livet i dag, seier Robert Christensen frå Drammen, som har ei dotter for lite.

Birgitte Smetbak (15) frå Nøtterøy vart skoten på Utøya 22. juli. Det viste seg at ho døydde av drukning.

Faren avslutta siste telefonsamtala med den skadde dottera kl 18.18. Etter det hadde også mor kontakt nærmare kl 18.30.

Sjøruter til Utøya

Politiet valde ei rute i båt på heile 3,6 km i staden for litt under 700 meter.

Foto: Illustrasjonskart / NRK

Kunne vore på Utøya 16 minutt før

Ifølgje Dagbladet meiner politiet i Nordre Buskerud at dei kunne ha vore på Utøya 16 minutt før dersom rutiner hadde vore annleis og kommunikasjonen hadde fungert betre.

– Dette har me visst hele tida. At politiet kunne vore der eit kvarter før, overraskar oss ikkje, seier Robert Christensen.

Han meiner likevel det er tillitvekkjande dersom politiet i Nordre Buskerud konkluderer slik.

– Det vitnar i alle fall om at politiet i Nordre Buskerud vil gjera ei ærleg evaluering og ikkje gøyme seg bak noko, seier Christensen.

– 16 minutt betyr mykje for mange

Beate Vatndal

Beate Vatndal mista dottera seie på Utøya.

Foto: Rune Christoffer Holm / NRK

Leiar for Støttegruppa 22. juli i Vestfold, Beate Vatndal, reagerer også kraftig på opplysningane.

– For mange av oss betyr 16 minutt veldig mykje, seier Vetndal, som også mista dottera i løpet av den siste halvtimen gjerningsmannen gikk laus blant ungdommane på sommarleiren til AUF.

Beate Vatndal følgde pressekonferansen og reagerer på fleire ting frå den interne evalueringsgruppa.

– For det fyrste synest eg det er utruleg dårleg timing å sleppe dette ut no, ei veke før jul. Mange har det tungt nok som det er. Kvifor kjem dei med dette no?, spør ho.

Vil ikkje kommentere

Leiaren av evalueringsutvalet, Olav Sønderland, vil ikkje kommentere det som står i Dagbladet. Men han stadfestar at det lokale politidistriktet i sin rapport har sett for seg at dei kunne gjort ting annleis. Sønderland vil heller ikkje uttale seg om dette.

Robert Christensen meiner dette blir patetisk.

– Dette gir oss jo ingenting, og det er ekstremt tøft for veldig mange, seier Christensen, som sjølv seier han aldri kan få nok informasjon.

– Eg tek til å tvile på at eg nokon gong får vite alt som skjedde 22. juli.

Vidar Refvik og Olav Sønderland

Leiar for politiets evalueringsutval Olav Sønderland (t.h.) og fungerande politidirektør Vidar Refvik.

Foto: Johansen, Erik / Scanpix

Justisdepartementet har ansvaret

Christensen har vore sterkt kritisk til tidlegare justisminister Knut Storberget, og er no spent på om Grete Faremo har meir å komme med.

– Barna på Utøya var i hendene på dei som har ansvar for tryggleiken i dette landet. Eg synest Faremo til no har vore usynleg og svært lite støttande. Ho må snart komme på banen med noko til oss som er etterlatne og pårørande.

Christensen sjølv er ikkje i tvil om at politiet gjorde ein for dårleg jobb.

– Det gikk for langt tid og det er utilgiveleg. Når politiet ikkje vil kommentere dette, er det veldig skuffande, seier Robert Christensen, som mista 15-åringen sin på Utøya 22. juli.

Utøya

Utøya.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp