Hopp til innhold

Utan fordøming

Ragnhild Jepsen er prest i Nidarosdomen i Trondheim og vekas andaktshaldar i NRK P1.

Fungerende domprost Ragnhild Jepsens.
Foto: Morten Andersen

Eit av mine sterkaste og klaraste barndomsminne er frå prestegarden i Ål. Vi gjekk i misjonsforening der vi strikka og hekla, åt heimebakte kaker og fekk kjenne raud jord frå Madagaskar renne mellom fingrane. Etter maten var det andakt. Eg ser den milde prestekona stå i døropninga mellom dei to stovene i prestegarden og fortelje. Og sjølv om mykje av det vi høyrde var framandt for oss, vart det likevel levande. Særleg er det ei setning som alltid har vore att i meg; setninga som er bibelordet for denne måndagen: Kom og sjå ein mann som har sagt meg alt eg har gjort.

På vakkert hallingmål høyrer eg setninga inne i meg; lest med forundring, med glede og lettelse. Og eg har alltid tenkt at akkurat slik var det ho sa det, ho som Bibelen fortel om, kvinna som sprang inn i landsbyen etter møtet med ein som gav henne respekt og tillit. Det ho aldri tidlegare hadde opplevd.

Kom og sjå ein mann som har fortalt meg alt eg har gjort. Det er jo ei merkeleg setning! Er det ikkje då rart å lese den med glede og forundring? Kven er det som blir glad av å ha møtt nokon som kan fortelje oss alt vi har gjort? - Det vi kanskje sjølv helst ville gløyme; det vi skammar oss over; det vi håpte var borte for alltid.
Sjølvsagt også det vi er glade for; det vi er stolte av; det vi vil bli hugsa for. Men likevel...?

Ho som høyrde orda aller først, hadde i våre auge mykje å skamme seg over. Dei andre kvinnene i landsbyen syntes ho var mislykka fordi ho levde annleis; ho var ikkje ein av dei; ho hadde ikkje fiksa så godt å ta del i fellesskapet; ho snubla igjen og igjen når ho trudde ho visste kva ho ville…

Alt dette visste Jesus som møtte henne ved brønnen og bad om vatn på ein varm dag. Likevel kjente kvinna at ho no var sett på ein måte ingen nokon gong hadde sett henne før: Utan fordøming. Med tillit til at ho kunne vere til hjelp. Med respekt for den ho var, - ikkje sett ned på for det ho hadde gjort. Ho visste at han visste. Likevel våga ho å møte blikket hans. Det var fullt av kjærleik. Kom og sjå ein mann som har sagt meg alt eg har gjort! No spring ho inn i landsbyen. Ho er glad. Ho er forundra. Ho er letta. Utan fordøming, men med respekt og kjærleik møter Jesus alle menneske. Slik høyrde eg det lest i prestegarden på Ål. Slik trur eg det skal vere!

Ragnhild Jepsen

Skog