Hopp til innhold

Salme 23

– Den svarar på våre inste lengslar. Det har den gjort i over to tusen år.

Rein i grønne enger ved Moen i Tydal
Foto: Geir Horndalen

Kristus er oppstaden!

I dag er bibelteksten eit av dei mest kjente og kjære av alle bibelord vi kjenner. Frå Salme 23 les vi: Herren er min hyrding, det vantar meg ingenting. Han let meg ligge i grøne enger og fører meg til vatn der eg finn kvile, og gjev meg ny kraft.

Det er som om bilda i salmen gjev svar på våre inste lengslar – etter kvile, etter trøyst, etter fred. Dei grøne engene og det klare vatnet set ord på kvar det er godt å vere. For når er det godt å legge seg ned i ei grøn eng? Når treng vi klart, leskande vatn? Er det ikkje når vi er slitne etter ei lang vandring; utmatta og kraftlause, trøytte etter å brukt krefter, lengtande etter nye?

Kanskje er det ingen annan tekst frå bibelen som opp gjennom historia har gjeve oss så mykje fin musikk, så mange attdiktingar, så mange bilde – både i kunsten og i tanken – som nettopp Salme 23. Sjølv den enkle tittelen; eit samlebegrep og eit nummer, gjev god meining og skaper forventning. Salme 23. Det er ikkje så rart at det er slik. For salmen svarar på våre inste lengslar. Det har den gjort i over to tusen år.

Eg trur at Salme 23 tillet oss å kjenne at livet ikkje alltid er godt; at nokre dagar er vanskelege, og at det er mykje som kunne vore annleis i mitt liv. Eg opplever ikkje at teksten frå bibelen hoverer og seier meg at eg kjenner feil når engene ikkje er grøne eller det er langt til kvila. Eg trur den heller prøver å få oss til å tenke at orda gjev trøyst til å halde ut og kraft til å reise seg.

Salme 23 handlar om lengsel etter Gud. Den tek den djupaste lengselen i menneskelivet på alvor. Kjærleiken til Salme 23 gjennom generasjon etter generasjon handlar om at lengselen etter Gud har funne sitt svar. Historia til salmeteksten har vist oss det, slik den har vore i bruk, slik den har vore elska.

Herren er min hyrding, eg manglar ingenting. Han let meg ligge i grøne enger, og fører meg til kvile der eg finn ny kraft.

Ragnhild Jepsen

Musikk: Rune Larsen - «Herren er min hyrde»

Skog