Denne veka får eg forkynne det kristne håpet om siger over døden gjennom songar av Johnny Cash. I dei to siste CD’ane hans møter vi eit skrøpeleg menneske med ei særs levande røyst. I fysisk forfall, merka av sjukdom, nær døden, full av liv. Det er songar frå eit landskap vi alle skal inn i. Det er nakne ord om hjelp og nakne ord i tru, ord i angst og ord i tillit, ord frå den døyande sin veg.
No, i tittelsongen på sin siste CD, kjem han til rette med si forgjengelegheit. No er ikkje døden berre ein ubeden gjest i rommet. No visar han at det finst noko i menneskeverda som heiter ”god død”.
Heilt usentimentalt stig vona som oppstoda i den døyande kroppen. Hans eigen veg er ikkje fullført, han veit at det vil kome nye høgder og dalar, nye stunder av smerte og fortviling. Men håpet lyser no. Klart. Stilt. Han er ”ven” med den døden som nærmar seg. Og han legg heile sin lagnad i dei gamle orda til menneske som har gått gjennom døden før han: Ain’t no grave can hold my body down. Inga grav kan halde på min kropp.
”Sjå eg seier dykk ein løyndom”, seier Paulus i 1. Kor.15, med same rolege glød som i Johnny Cash sin song. ”Vi skal alle verta omskapte, i hast, i ein augneblunk, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte”.
Snart, dette vesle ordet brukt om bibelsk tid, snart er det min tur, Jesus. Eg høyrer Johnny synge dei svarte amerikanarane sin song. Han gjer den til sin, eg gjer den til min. ”Meet me, Jesus, meet me, meet me in the middle of the air. And if these wings don’t fail me, I will meet you anywhere”.
Eg er klar, Jesus, for den vegen du har gått før meg.
Geir Gundersen
Musikk: Ain’t no grave - Johnny Cash