Anten fordi det er ei fysisk orsak til at hjartet vårt er uroleg. Det kan vere mange grunnar til det. Og det kan gjere oss redde og engstelege. Men det kan også vere at vi kjenner uro i oss fordi vi lengtar. Er vi forelska, kan det vere ein god uro. Er vi redde eller plaga av noko, er det vondt. Berre vondt.
Kanskje kan ein seie at uro er naturleg. At det er ein nødvendig eigenskap ved det moderne, søkande menneske. Det som driv oss framover. Skaper nytt. Kanskje ville ikkje verda vår vere der den er i dag, viss det ikkje var for menneskes urolege hjarte, - til alle tider.
I alle fall er urolege hjarte ikkje berre noko som kjennemerker vår tid, om vi skulle tru det. I bibelordet i dag, frå profeten Jesaja, les vi grunnleggjande visdom frå eldgamle tider:
Sei til dei urolege hjarte: Ver frimodige, ver ikkje redde! Sjå, der er dykkar Gud!
Bibelordet frå Jesaja seier at våre hjarte er urolege fordi dei lengtar etter noko! Og det forklarar kva vi lengtar etter: Gud.
Eg tenker på han som heitte Augustin, som var filosof, retorikar og biskop og levde på 300-talet i Nord-Afrika og Italia. Heile livet sitt brukte han på å forsøke å stille den uroa han alltid kjente på. Den som dreiv han vidare og vidare. Eit meiningsfullt liv hadde han nok, men aldri fall han til ro.
Kanskje kjente Augustin på den lengten som er lagt ned i alle menneske. Som aldri kan stoggast av velstand, materiell trygghet, eller alt vi bruker som erstatning for å tru at vi er lukkelege og heile menneske. Nokre ville våge seg til å kalle uroa eit gudsbevis. Eit prov på at Gud er til – for våre hjarte finn ikkje ro før vi også har funne Gud.
Augustin sa det slik: Mitt hjarte er uroleg inntil det finn kvile i deg.
Våre bekymringar for helse, økonomi, barna våre og alt det som kan ta både tid, krefter og nattesvevn, forsvinn ikkje sjølv om vi har funne fram til ei gudstru. Men hjartet vårt finn nokon å dele det med. Nokon som tek i mot alt vi har å kome med. Ein stad der alt blir teke på alvor, og den som kjem med det, blir møtt av kjærleik, kvile og verd.
Sei til dei urolege hjarte: Ver frimodige, ver ikkje redde! Sjå, der er dykkar Gud!
Ragnhild Jepsen
Musikk Kom till din ro min själ Ulla-Carin Börjesdotter