Hopp til innhold

Livet går aldri i null

– Alt levd liv er dyrebart, seier Ragnhild Jepsen i si siste morgonandakt for denne gong.

Regnestykke
Foto: Anette Skafjeld / NRK

I eit teaterstykke høyrde eg ein gong fylgjande replikk: Når reknskapen over livet mitt skal gjerast opp, håpar eg at reknestykket ikkje går opp. For når summen av kredit og debet blir lagt saman, ville det jo stå att berre ein null.

Nei, reknestykket går aldri opp! For alt levd liv er dyrebart. Alt levd liv er verdifullt. Det er ingen nullar som står att etter eit menneskeliv, for alt liv er gjeve oss av Gud.

Det er når dei tunge tankane tek oss, - når vi kjenner oss motlause og små, at nullen står og blinkar framom oss. Når vi tenker at vi ikkje er verd noko; at vi ikkje kan nokon ting, at vi ikkje har noko å bidra med i fellesskapet. Det er ikkje så sjeldan at slik tankar dukkar opp. Det gjer dei hjå meg også. Då må vi hente fram ord til oppmuntring! Og vi må bruke dei for å løfte opp oss sjølve og kvarandre.

Bibelordet i dag er ei slik påminning. Det var Paulus som skreiv dei til venen sin Timoteus. Timoteus var Paulus sin medarbeidar. Han var tiltrudd mykje. Han hadde stort ansvar. Men han vart sett i fengsel for det han trudde på. Kanskje vart han sliten. Kanskje lurte han innimellom på kva det var han kunne bidra med. Då kan det vel hende dei tunge tankane også nådde han.

Så får han brev frå venen sin. Paulus skriv: Gud gav oss ikkje ei kraft som gjer motlaus. Vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom.

Kraft, kjærleik og visdom. Det er vakre ord. Men det er ikkje tomme ord. Det er det vi har fått frå Gud for å vere gode med kvarandre. Støtte kvarandre. Vere gode medmenneske. Vi kunne godt bli flinkare til å oppmuntre kvarandre!

Og når Timoteus fekk brevet frå Paulus, tenker eg at han sikkert gøymer desse orda som ein skatt som han tek fram att, igjen og igjen. Når dagane kjendes mørke og tankane vart tunge. Tenk så fantastisk å vite: Gud gav oss ikkje ei kraft som gjer motlaus. Vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom.

Kan det også vere slike ord du vil gøyme på?

Ragnhild Jepsen

Skog