Hopp til innhold

Kvardagsstriden

– Det finst eit folkeleg agg mot religiøst aktive som vi truande treng å tenkje over, meir enn å forsvare oss mot, seier Geir Gundersen i si siste morgonandakt for denne gong.

Kuppelmosaikk av Jesus og hans forfedre.
Foto: Nina Skurtveit / NRK

Dette agget er variasjonar over følgjande tema: Dei trur visst at dei er så mykje betre enn andre folk.

I si kjerne treff dette klagemålet sjølvbiletet til farisearen slik vi kjenner det i Jesu likning om farisearen og tollaren. Dei to går opp i templet for å be og farisearen stelte seg opp og ba slik: «Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, som svindlar, gjer urett, bryt ekteskapet eller er som den tollaren der». Tollaren, han som faktisk har tuska til seg pengar som ikkje er hans, står langt nede, seier Jesus, vil ikkje ein gong lyfte augo mot himmelen, slår seg for bringa og seier: Gud, ver meg syndar nådig. Jesu dom, det vil seie hans vurdering av dei to, er klinkande klar. Eg seier dykk: «Tollaren gjekk heim rettferdig for Gud, den andre ikkje. For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal settast høgt.»

Kvifor ligg det så snublande nært for den truande å bli sjølvrettferdig? Kvifor står all ekte tru i fare for å bli forvandla til sitt motstykke: Oppblåst egoisme?

Å stå imot denne forvandlinga, denne perversjonen av tru – er for Jesus kjerna i trua sin gode strid. Medisinen er alltid den same: bytt fokus, bort frå den truande til dei andre. Dette er ikkje ein tankekamp i hovudet, det er ein praktisk strid i kvardagen. I Markusevangeliet kap. 10 får vi eit nærbilete av denne striden. Jesus bryt inn i ein disippelkrangel om kven som skal ha dei gjevaste plassane på begge sider av Jesus når han ein gong skal trone i sitt rike. Jesus refsar ikkje disiplane, han peiker på ein betre, praktisk veg. Det skal vere forskjell mellom dykk og verda. I verda finst det herrar og tenarar, i verda gjeld nokon for å vere store med rett til å styre over andre. «Men såleis er det ikkje hos dykk. Den som vil vere stor mellom dykk, skal tena dei andre. Og den som vil vere den første av dykk, skal vera træl for alle. For Menneskesonen er ikkje komen for å tenast, men for å tena og gje livet sitt som løysepenge for mange».

Herre, her har du mitt svar. Eg vil følgje deg. Miskunne deg over meg og mitt stive sinn. Gud, ver meg syndar nådig.

Geir Gundersen

Musikk: Carola - «Jesus för världen»

Skog