Hopp til innhold

Kva driv deg?

Geir Gundersen er generalsekretær i Blå Kors og vekas andaktshaldar i NRK P1.

Geir Gundersen
Foto: L.P Lorentzen

God morgon!
Kva er det som driv deg?
Kva er det du søkjer i dagane dine?
Finst det noko du vil sette livet inn for?

Denne morgonen gir vi rom for slike spørsmål, store og klare. Så dei får stå og klinge i oss. Vi kan godt gje oss tid til å vente med svaret, både vi som trur og vi som ikkje veit kva vi skal tru.

I tekstordet frå Johannesevangeliet kap. 6 høyrer vi at folket gjekk i båtane og leita etter Jesus. Folket leita etter Jesus. Kvifor? Kva var det som dreiv dei, kva var det dei søkte? Då dei fann han, tala han slik til dei: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Det er ikkje fordi de såg teikn at de leitar etter meg, men fordi de åt av brøda og vart mette. Arbeid ikkje for den maten som forgår, men for den mat som varer og gjer evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk».

Eg, denne andaktshaldaren er snart 62 år. Eg fekk den kristne trua i voggegåve av varme, kjærlege foreldre. Eg har levd i den heile livet mitt, den er lufta eg pustar i. Men i dag, i møte med denne dagens spørsmål, kjenner eg ein trong til å nullstille meg. Til å gå ut av disippelflokken og inn i den flokken som heiter folket, dei som søkjer Jesus utan å kjenne han, dei som ikkje veit kva dei er drevne av, men like fullt leitar. Eg ønskjer å stå midt i folket og høyre Jesus tale som for første gong. Eg ønskjer at orda hans skal trenge gjennom alle lag av kristeligheit og nå meg der eg er som eit barn utan forsvar: Geir, arbeid ikkje for den maten som forgår, men for den som mettar dine djupaste behov!

Eg står midt i folket. Det er helt stilt. Vi høyrer noko vi ikkje har høyrt før. Eg, Geir Gundersen, høyrer noko eg ikkje har høyrt før. Ei røyst med den finaste autoritet. Eg veit at det han seier er sant. Eg forstår at eg må ta livet mitt opp til revisjon. Eg forstår at det er min sjanse: å sleppe lyset og krafta frå orda hans inn over mine motiv og drivkrefter. Så dei kan opne opp i det inste rommet i meg. Og eg kan kjenne den friske trangen etter evig liv…

Geir Gundersen

Musikk: Helene Bøksle - «Mitt land»

Skog