Hopp til innhold

Kreftene

– Ein gong var eg på tur i fjellet med ein fjellvandt halling. Eg lærte mykje av han!

Fjelltur sommer
Foto: DNT Oslo og Omegn / Den Norske Turistforening

Der vi ville springe opp så fort vi kunne på dei høgaste toppane, gjekk han seigt og stødig bak oss. Der vi ville kvile og sakke på tempoet, heldt han akkurat same farten som han hadde gjort gjennom heile turen. På idrettsspråket heiter det antakeleg å disponere kreftene sine. Og det er nok eit gammalt knep for å halde ut, både i oppover- og nedoverbakkar.

Men det er ikkje alltid så godt å vite når ein skal trappe opp farten eller sette ned tempoet i livet! Det er lett sagt, men det er ikkje så lett gjort. Vi kan bli sugd inn i oppgåver og gjeremål som tappar oss og gjer slitne. Eller vi er sett tilsides og lengtar etter kreftene vi ein gong hadde.

Bibelens forteljingar handlar ofte om å kjenne på krefter. For det handlar også om vårt forhold til Gud. Og Guds forhold til oss. Det er menneskeleg å tenke at for å vere nær Gud, må ein ha overskot. At for å tru, må ein vere på høgget; må ein gje meir enn ein skal få; må ein disponere rett og vite kvar vegen går vidare. Men slik tenker ikkje Gud.

Bibelordet i dag er til alle som kjenner at kreftene ikkje er der. Som lengtar etter at nokon seier: Du treng ikkje å greie alt åleine. Det er nokon som ber deg når du kjenner deg trøytt. Det er nokon som vil gå saman med deg så vegen blir beinare å gå.

I Jesajas bok les vi: Han gjev den trøytte kraft, og den som ingen krefter har, gjev han stor styrke. Det er gode ord! Kanskje handlar det om å finne nokon å gå attmed som kan hjelpe oss til å disponere kreftene våre betre enn vi greier sjølv. Som hjelper oss å stanse opp når farten blir for stor. Som viser oss at der vi trudde krafta var brukt opp, er vi likevel verdifulle og nyttige for våre medmenneske – gjennom å vere den vi er, sjølv om vi kjenner oss svake.

Men om vi ikkje har fjellvande hallingar til å gå saman med oss på vegen, kan oppfordringa denne dagen vere å våge å opne opp for å ta i mot noko frå Gud. Som dagen din er, skal styrken din også vere. Ta med deg dette: Gud gjev den trøytte kraft. Og den som ingen krefter har, gjev han stor styrke!

Ragnhild Jepsen

Skog