NB: avstemminga er no stengd.
Norske kinoar kan juble over mykje besøk det siste året etter nokre magre pandemi-år. Store Hollywood-filmar som «Barbie» og «Mission Impossible» lokka mange inn i kinomørket, men norske filmar har også ytt sitt:
- Krigsdramaa «Kampen om Narvik» og «Krigsseileren» er dei to suverent mest sette norske filmane det siste året, med høvesvis 500.000 og 400.000 selde billettar.
- «Folk og Røvere i Kardemomme by», «Olsenbanden: siste skrik!» og «Teddybjørnens jul» har også vore godt besøkt.
Under Amanda-showet neste helg skal publikumsprisen Folkets Amanda bli delt ut. Kva for ein av desse finalistane synest du fortener prisen?
Det er det du og nrk.no-publikummet som avgjer: Logg inn og stem på favorittfilmen din her:
Finalistane:
«Kampen om Narvik»
Regi: Erik Skjoldbjærg. Utgivar: Nordisk Film.
Filmen vart utsett fleire gonger, først på grunn av pandemien, deretter på grunn av krigen i Ukraina. Likevel, då filmen først fekk premiere vart han også ein publikumsvinnar.
Filmen fortel ein del av norsk krigshistorie som er ukjend for mange, og krigsdramaet var den desiderte mest sette filmen med dryge 520.000 selde billettar.
– Denne filmen var så godt som sikra suksess med sterke namn involvert både framme og bak kamera, meiner filmkritikar Birger Vestmo.
Les filmmeldinga her.
«Krigsseileren»
Regi: Gunnar Vikenes. Utgivar: Ymer Media.
Dette er den første norske spelefilmen om dei norske krigsseglarane, og den dyraste filmen i Noreg nokosinne.
– Det forpliktar, seier Vestmo, og legg til at regissør Gunnar Vikenes innfrir forventningane. Vestmo meiner «Krigsseileren» hadde fleire imponerande sekvensar som skildra opplevingane til norske sjømenn under krigen med nådelause verkemiddel.
Filmen har også nære skildringar av karakterane, noko Vestmo seier gjer det aller største inntrykket. Det er ein sterk film om kva menneske må ofra i krig. 400.000 personar såg «Krigsseileren» på kino.
Filmen var også Noregs Oscar-kandidat, men kom ikkje vidare.
Les filmmeldinga her.
«Folk og Røvere i Kardemomme by»
Regi: Rasmus A. Sivertsen. Utgivar: Nordisk Film.
Norsk barnefilm får mykje kritikk for å satsa på sikre kort og kjende merkevarer i staden for å ta risikoen med nye og originale konsept.
– Med «Folk og røvarar i Kardemomme by» har regissør Rasmus A. Sivertsen lykkast i å laga friske og morosame versjonar av kjende figurar og univers, meiner Birger Vestmo. Han legg også vekt på at det er fantastiske animasjonar i filmen.
– Dessutan er det sprudlande forteljarglede og mange små, fiffige påfunn! Seier Vestmo, som ikkje er overraska over at denne vart ein publikumsvinnar med nesten 360.000 selde billettar.
«Teddybjørnens jul»
Regi: Andrea Eckerbom. Utgivar: Nordisk Film.
I fjor kom ein heil spelefilm basert på berre ein liten song på nokre minutt. «Teddybjørnens jul» er endå ein familiefilm som slo godt an blant publikum, med 260.000 selde billettar.
Birger Vestmo peikar på at filmen både har gode skodespelarar, ein godt animert teddybjørn og koselege bilete av norsk jul i gamle dagar.
– Dette var ingen julefilmrevolusjon, men det vart ein finfin julefilm, seier Vestmo. Han legg til at nokon gongar er ein snill, trygg og ukomplisert barnefilm akkurat det me treng i førjulstida.
Les filmmeldinga her.
«Olsenbanden: siste skrik!»
Regi: Hallvard Bræin. Utgivar: Nordisk Film
Tidlegare har regissør Hallvard Bræin laga «Børning»-filmane, og dermed vist at han kan miksa morosam action og lun humor. No har han teke opp arven etter regissør Knut Bohwim og Olsenbanden-filmane.
Dette er ei tydeleg modernisert utgåve, der Egon, Kjell og Benny er vandrande anakronismar i ein hovudstad som har forandra seg mykje på 50 år.
– Dette er enkel underhaldning for massane, men slett ikkje utan sjarm og humor, ifølgje Vestmo. Nesten 243.000 kinopublikummarar løyste billett for å sjå nyinnspelinga.
Les filmmeldinga her.
Stem på din favoritt
Vil du stemme fram din favoritt? Her kan du gå inn og stemme på filmane. Du må vere nrk.no-brukar for å kunne stemme. Les meir om korleis du lager ein brukar her.
Amanda-prisane blir delt ut laurdag 19. august klokka 20.00 på NRK2.