Det kunne vore eit vakkert smykke, men det er ein liten augestikkar som er dekka av regndropar.
Regndropar på ei vassnymfe, ein augestikkar-art. Den slovakiske fotografen Ondrej Pakan har spesialisert seg på å ta bilete av insekt som har råka ut for ei regnskur.
Blomsterfluge dekka av vassdropar.
Dei fleste insekt likar ikkje å flyge i regnvêr, men ventar til regnet er over. Biletet viser ei fluge dekka av dropar.
Ein maur slit med ei tung bør av regndropar.
Augestikkar med ein hjelm av vatn på hovudet.
Libelle, ein type augestikkar, med hovudet dekka av regndropar.
Løvetann speglar seg i vassdropar på ryggen av ei marihøne.
Libelle etter ei regnskur.
Ein maur med ryggen dekka av dropar. Legg merke til maurhovudet som heng fast på det eine beinet til mauren. Dette er ein annna maurart som har bitt seg fast i foten til den større mauren, men som tapte kampen.