Hopp til innhold

Åtvarar mot blind tru på digitale læremiddel

Forskarar og lærarar er bekymra over auken av teknologiske læremiddel i skulen.

Elevar testar ut dataspel som kunnskapstest

Teknologiske læremiddel Elevane på biletet er med på ein test av eit norskutvikla læringsdataspel.

Foto: Unni Eikeseth, NRK

Mens det skjer ei dreiing frå papirbøker til heildigitale læremiddel, er det svært lite forsking på om digitalt undervisingsmateriale faktisk gir betre fagleg læring enn tradisjonell undervising.

– Det er eit stor teknologi-push i dag som skapar forventing om at slike verktøy er nødvendige, men det er ikkje dokumentert i forskinga, seier professor i biologisk psykologi, Hermundur Sigmundsson, ved NTNU til NRK.no.

– Det kan hjelpe oss i nokre samanhengar, ved riktig bruk, men vi må ikkje gape over for høgt og tru at det skal løyse alt, seier han.

Sigmundsson minner om at den tradisjonelle måten å drive undervising på, i avgrensa klasserom med tavle, er sett opp slik av ein grunn:

– Det er det som skapar mest ro og konsentrasjon, og mest læring.

Ventar på «tipping point»

– Vi meiner at digitale læremiddel har eit betydeleg potensial som vi ønskjer å utnytte, seier forskingsleiar Ola Berge ved Senter for IKT i utdanninga, ein offentleg etat som arbeider for meir og betre bruk av IKT i opplæringa.

Etter senteret syn er blant anna moglegheit for å kunne gi tilpassa opplæring mykje større med digitale læremiddel.

I tillegg til auka bruk av digitale læremiddel med multimedieinnhald som mange skular nyttar i dag, trur Berge også at utviklinga går meir over til digital distribusjon av digitale lærebøker som reine e-bøker.

– Pedagogisk har ikkje e-bøker noko spesiell meirverdi, men det er meir praktisk og økonomisk. Det som held det igjen er kanskje mangel på gode einingar å lese dei på, då det er andre krav til layout for fagbøker enn for skjønnlitteratur, seier Berge.

For å kartleggje omfanget av digitale læremiddel i skulen har senteret nyleg sett i gang ei kartleggingsstudie blant fleire tusen elevar og lærarar. Denne vil bli klar i midten av mai.

Skolelederes satsing på digitale læremidler

I ei undersøking gjort av Senter for IKT i utdanninga i 2011 seier 61 prosent av skuleleiarane i vidaregåande skule at dei prioriterer digitale læremiddel i svært stor eller ganske stor grad.

Foto: Senter for IKT i utdanningen

Dei største norske forlaga når det gjeld undervisingsinnhald, Aschehoug, Gyldendal, Fagbokforlaget og CappelenDamm har satsa tosifra millionbeløp dei siste åra i å utvikle digitale læremiddel.

– Vi ventar på eit tipping point som gjer at størstedelen av skulemarknaden er digital. Vi veit ikkje når det kjem, men det kan godt skje innan dei neste 3–5 åra, seier utviklingsleiar Alexander Henriksen i Gyldendal Undervisning til NRK.no.

I Danmark har digitale læremiddel alt har gått forbi papir for nokre forlag etter at danske myndigheiter over ein 5-årsperiode har løyva fleire hundre millionar kroner øyremerkte til digitale læremiddel.

Fra en digital lærebok

I barneskulen er digitale læremiddel ofte brukt som tillegg til papirbøker, her representert ved Gyldendals skulesatsing Salaby.

Foto: Gyldendal

– Trur at digitalt er betre enn analogt

Leseforskar Anne Mangen fann nyleg i ein studie at norske tiandeklassingar hadde dårlegare forståing av å lese ein tekst på skjerm samanlikna med papir.

– Vi bør begynne å spørje etter kva slags forsking som ligg til grunn for satsing på digitale teknologiar i skule og undervising, heller enn å blindt tru at digitale teknologiar har så mange fleire moglegheiter som nødvendigvis er betre, til alle formål og i alle situasjonar, enn "gamle" teknologiar som boka, seier Mangen som for tida er postdoktor ved Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

– Det skjer ei dreiing som i hovudsak er politisk styrt gjennom ei rekke føringar. Dertil, på grunn av eksplosjonen av sosiale medium, samt at dei aller fleste er PC-brukarar, er det stadig fleire også som av vane går over til digital bruk og lagring av læringsmaterale og trur at dette er betre enn analogt, seier Glenn-Egil Torgersen som er forskar ved Forsvarets høyskole.

Torgersen fullførte i 2012 doktorgraden i kognitiv psykologi på temaet læringseffekt av IKT i undervising.

Eitt av hovudfunna i Torgersens forskingsstudiar viser at dei med låg korttidsminnekapasitet lærer forholdsvis mindre enn dei med høgare kapasitet, sjølv ved bruk av enkle multimediaverktøy.

Og denne skilnaden aukar jo fleire uttrykksformer som er nytta i multiamedielæremiddelet.

– Bruk av digitale læremiddel gir altså ikkje automatisk betre læring, og både min og internasjonal pedagogisk-psykologisk forsking elles, viser klart at bruk av digitale læremiddel krev svært grundige førebuingar og tilrettelegging frå lærarar og skulen, seier Torgersen.

Eit anna ankepunkt for Torgersen er at innføringa av multimediale læremiddel ikkje har fått selskap av multimodale testformer, slik at elevane kan uttrykke og prestere sin kompetanse via fleire former også her.

– Synda er at elevane lærer stoffet på fleire former, mens prøven framleis berre er verbal, ifølgje Torgersen.

Førebels ser ikkje Torgersen særleg positivt på utviklinga mot meir digitale læremiddel, fordi det er for lite forsking på pedagogisk bruk av IKT.

– Det gjer at IKT-pedagogikken vil henge etter den digitale utviklinga, og dermed blir det teknologien som styrer pedagogikken og den praktiske tilrettelegginga, og ikkje omvendt, seier han.

Elevar på nettbrett

Elevar ved Dale vidaregåande skule er med på eit prosjekt for å byte ut lærebøker med nettbrett.

Foto: Marte Halsør Lovell / NRK

– Lærebøker blir pressa ut

Lærarar er heller ikkje udelt positive til utviklinga:

–Vi har fått mange meldingar frå medlemmer som er bekymra for at lærebøkene blir pressa ut til fordel for digitale læremiddel, fortel Utdanningsforbundet, den største lærarorganisasjonen.

Liknande tilbakemeldingar kjem til Norsk Lektorlag, som organiserer mange av lektorane i vidaregåande skule.

– Tilbakemeldingar frå våre medlemmer tyder på uforstandig pedagogisk leiing bak innføringa av digitale læremiddel, og denne leiingskulturen har avvist kritikk ved å mistenkeleggjere kritiske lærarar som teknologivegrarar og lite endringsvillige, seier leiar i Norsk Lektorlag, Gro Elisabeth Paulsen.

Begge lærarorganisasjonane understrekar likevel at dei ikkje er i mot digitale læremiddel i seg sjølv.

–I tråd med aukande digitalisering av samfunnet er det heilt naturleg at også skulen tar i bruk digitale hjelpemiddel i større grad. Samtidig er det viktig å ha eit kritisk blikk på utviklinga og vurdere om digitale læremiddel fungerer etter føremålet, seier Utdanningsforbundet.

–Aukande bruk av digitale læremiddel er positivt så lenge den er basert på faglege og pedagogiske vurderingar, seier Norsk lektorlag-leiaren.

–Vi ønskjer ikkje ein skule der ein blir pålagt å nytte metodar for metodanes skuld, eller læremidla for læremidlas skuld, men der ein faktisk vel metodar og middel som fungerer best, i det aktuelle faget og for den aktuelle elevgruppa. Mykje tyder på at både elevar og lærarar framleis føretrekkjer å bruke lærebøker i papir, og dei bør ikkje bli fråtekne denne moglegheita, seier ho.