Bowe Bergdahl har fått opplese tiltalen der han blir skulda for å ha desertert, og for «uakseptabel oppførsel framfor fienden». Det fortel forsvarar Eugene Fidell til Washington Post.
Første rettsmøte er sett til 31.mai.
Det har lenge vore spekulert i om Bergdahl overgav seg frivillig til geriljarørsla Taliban, då han tenestegjorde som soldat i Afghanistan.
- LES OGSÅ:
Obama-administrasjonen fekk mykje kritikk då dei bytta Bergdahl mot fem geriljasoldatar frå Taliban i 2014.
– Tiltalen vil blåse nytt liv i denne kritikken, skriv avisa Politico i dag.
Sat fem år i fangenskap
Bergdahl vart teken til fange av det Taliban-allierte Haqqani-nettverket i juni 2009. Etter forhandlingar vart han slept fri den 31. mai 2014. Han sat fem år i fangenskap.
Han er av delvis svensk og delvis norsk avstamming.
Taliban publisert fleire propagandavideoar av Bergdahl då han sat i fangenskap. Rørsla kravde store pengesummar og fengsla terroristar i bytte mot Bergdahl.
Heime i USA engasjerte mange seg for å få soldaten fri. Foreldra var aktive i å be Obama om hjelp.
Vart gøymd i Pakistan for å hindre redningsaksjon
Det har versert historier om at Taliban smugla Bergdahl til Pakistan for å halde han utanfor aksjonsradiusen til amerikanske spesialstyrkar i Afghanistan.
Vart bytta mot Guantánamo-fangar
Bergdahl vart sleppt fri i bytte mot fem talibanfangar som sat i Guantánamo Bay fengselet. Emiren av Qatar, Tamim ibn Hamad Al Thani, var mellommann.
Obama-administrasjonen hausta mykje kritikk for å ha forhandla med terroristar og å ikkje informere kongressen tilstrekkeleg.
Den konservative fjernsynskanalen Fox News var blant dei mest høglytte kritikarane.
Mange rykte
Det var duka for velkomstfest då Bergdahl var på veg heim frå Afghanistan. Heimbyen Hailey i delstaten Idaho hadde pynta gatene og gjort seg klar til parade. Men festen vart avlyst etter rykter om at soldaten frivillig hadde overgjeve seg til Taliban.
Medsoldatane til Bergdahl har lenge hevda han oppførte seg på eit vis som sette andre sine liv og helse i fare.
LES OGSÅ:
No risikerer han livstidsstraff i eit militært fengsel. Det er straffa for å vere amerikansk desertør.