Hopp til innhold

Hellas stansar sendingane på det statlege fjernsynet

Den greske regjeringa har avgjort å stanse sendingane på den statlege fjernsynskanalen ERT for å spare pengar.

Demonstrantar framfor ERT-hovudkvarteret i Aten.

Demonstrantar, mange av dei tilsette i ERT, har i kveld samla seg utanfor ERT-bygningen i sentrum av Aten.

Foto: JOHN KOLESIDIS / Reuters

Det er nyheitsbyrået AP som melder dette. Også den statlege radioen skal stanse sendingane sine, blir det opplyst. Det er uklart kor lenge sendepausen skal vare og kor mykje det offentlege vil spare på å stanse sendingane.

Svarte skjermar

Statsministeren i Hellas Antonis Samaras.

Statsminister Antonis Samaras stengjer den statlege radio- og fjernsynskanalen ERT for å spare pengar.

Foto: Petros Giannakouris / Ap

Talsmann for den greske regjeringa, Simos Kedikoglou, seier at det blir svarte fjernsynsskjermar og tause radiosignal ERT frå og med onsdag morgon. Han seier at målet til regjeringa er å starte opp igjen sendingane så snart som mogleg.

Kedikoglou opplyser at alle dei tilsette, mellom 2500 og 2700, blir permitterte. Han karakteriserer ERT som ein stad der blir sløst med pengane, og han seier at kanalen vil opne opp igjen med eit betydeleg lågare tal på tilsette.

Alle tilsette vil få sjansen til å søkje på jobb i den nye organisasjonen, seier regjeringstalsmannen.

- I ei tid då det greske folk gjer sine offer, er det ikkje rom for utsetjingar, nøling eller toleranse for heilage kyr, legg han til.

Dei tilsette i ERT reagerer sterkt på avgjerda. Over 2000 menneske samla seg utanfor hovudkvarteret i kveld, og dei lovar å kjempe mot avgjerda. Dei ber også om at dei tilsette i dei private fjernsynskanalane legg ned arbeidet i protest mot avgjerda om å stanse sendingane til ERT.

ERT har tre fjernsynskanalar og fleire radiokanalar.

Streikar og protestar

Avgjerda om å stanse ERT sine sendingar kjem etter fleire månader med streikar og protestar i kringkastingsselskapet. Dei tilsette har nekta å gå med på planar om reorganisering av radio- og fjernsynskanalen.

Hellas er inne i ei djup økonomisk krise, og Det internasjonale pengefondet IMF og EU har kravd store innstrammingar i den offentlege pengebruken for å kunne hjelpe landet med nye lån.

Det sosialdemokratiske partiet PASOK, som er med i regjeringa, og fleire sentrum/venstre-parti i den greske nasjonalforsamlinga sa tidlegare i dag at dei støttar ei omorganisering av ERT, men reagerer sterkt på at regjeringa no vil stanse sendingane inntil vidare.

Vedtaket om å stengje ned ERT inntil vidare truar dermed det frå før vanskelege regjeringssamarbeideti Hellas.

Demonstrasjon utanfor ERT i Aten.

Opne, står det på dette banneret som demonstrantane utanfor ERT-bygningen i Aten har med seg.

Foto: JOHN KOLESIDIS / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt