Det var Barack Obama som ringde til Putin, etter at overhuset i den russiske dumaen i går kveld gav Putin grønt lys for å sende russiske soldatar til Ukraina. Obama skulda Putin for å ha brote internasjonal lov, og for å ha krenkt Ukrainas sjølvstende.
Han bad Putin om å trekkje soldatane sine tilbake til dei lovlege basane sine på Krim-halvøya.
– «Ærlege og direkte» samtalar
Putin svarte på si side at Russland har all rett til å verne russiske installasjonar, slik som hovudkvarteret til Svartehavsflåten og etniske russarar i landet. Dei to snakka saman i ein og ein halv time, og ein talsmann for Obama kallar samtalane for «ærlege og direkte».
Det er diplomatspråk for ein temmeleg tøff diskusjon.
Obama trua Russland med politisk og økonomisk isolasjon om landet ikkje trekkjer soldatane sine ut av Ukraina, og han sa blant anna at USAs deltaking på G8-toppmøtet i OL-byen Sotsji i juni no står i fare.
Putin uttrykte på si side stor uro over det han kallar provoserande, kriminelle handlingar frå ultranasjonalistiske grupperingar i Ukraina. Han gjorde det klart at Russland ser på avsetjinga av president Viktor Janukovitsj som ulovleg.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Etniske russarar
Putin skulda også vestlege land, særleg EU, for aktiv støtte til det han kallar kuppmakarane i Kiev.
Obama bad Putin vurdere å samarbeide med internasjonale observatørar utnemnde av Tryggingsrådet i FN i samarbeid med Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) for å forsikre seg om at etniske russarar i Ukraina blir skikkeleg behandla.
Eit fleirtal av innbyggjarane på Krim-halvøya og i det austlege Ukraina er etniske russarar og regionen har ein stor grad av sjølvstyre. Leiaren for regionstyresmaktene bad laurdag sjølv om hjelp frå Russland.
Russland har ifølgje avtalen om Svartehavsflåten rett til å ha store styrkar ståande på basen i Sevastopol på Krim-halvøya. Russiske soldatar, eller militssoldatar som er støtta av Russland, skal det siste døgnet ha teke kontroll over flyplassar og offentlege bygningar på halvøya.
USAs utanriksminister John Kerry seier at forholdet mellom USA og Russland kjem til å bli alvorleg skadelidande dersom Russland ikkje straks tek grep for å minske spenninga i Ukraina. Han seier også at Russland set freden i heile regionen i fare ved å blande seg inn i situasjonen i Ukraina.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Krisemøte i FN
Det var seint i går kveld eit oppheita krisemøte om Ukraina, der Russland og dei vestlege landa skulda kvarandre for den tilspissa situasjonen i landet. Russlands FN-ambassadør Vitalij Tsjurkin stilte spørsmål ved legitimiteten til dei nye makthavarane i Kiev, og skulda vestlege land for å ha blant seg inn i Ukrainas indre forhold.
USAs FN-ambassadør sa på si side at vedtaket i den russiske nasjonalforsamlinga om å gi grønt lys til militær intervensjon i Ukraina, var farleg og destabiliserande.
Storbritannias FN-ambassadør Mark Lyall Grant bad om svar på korleis Russland ser føre seg bruk av militærmakt i Ukraina, utan at dette kjem i konflikt med folkeretten.