Hopp til innhold

Sjølvmordsangrep mot NATO-base i Afghanistan

Taliban seier sjølvmordsangrepet mot ein NATO-base i Afghanistan måndag var hemn for koranbrenninga som skjedde på den same basen.

Afghanske politimenn undersøker åstaden for sjølvmordsbombinga

Afghanske politimenn undersøker åstaden for sjølvmordsbombinga.

Foto: PARWIZ / Reuters

Minst to personar blei drepne då ein sjølvmordsbombar utløyste ei sprengladning han hadde festa på kroppen rett ved inngangen til Bagram-basen måndag, melder NTB.

Minst to sivile skal vere drepne, og elleve skada, inkludert åtte sivile.

Hemnaksjon for koranbrenning

Det var på denne basen at amerikanske soldatar brente fleire eksemplar av Koranen under ei opprydding på basen førre månad.

Militærbasen der amerikanske soldatar brente koranane, og som no er åstad for sjølvmordsbombing, er i Jalalabad, aust for Kabul i Nangahar-provinsen.

Afghanske politimenn ryddar vekk kroppsdelar etter sjølvmordsbombinga

Afghanske politimenn fraktar bort dei døde etter sjølvmordsbombinga.

Foto: Rahmat Gul / Ap

Koranbrenninga utløyste veldige reaksjonar i Afghanistan, og fleire demonstrasjonar og angrep har kome som følgje av den.

LES: Fem drepne og 20 skadde i koranprotest

President Obama beklaga

President Barack Obama gjekk ut og beklaga at fleire eksemplar av Koranen blei kasta og brent som søppel ved den amerikanske militærbasen.

Men trass i beklaginga skjer det stadig nye hemnaksjonar mot hendinga.

Sjølv om USA har gått ut og sagt at koranbrenninga ikkje var medviten, har forholdet mellom Afghanistan og USA nådd eit nytt lavmål, og har provosert fram ein stor anti-Vesten-bølgje i landet.

Store opptøyar

Til no har 30 menneske døydd i opptøyane, inkludert tilfelle der amerikanske soldatar har blitt skotne av afghanske soldatar.

LES: Protestar mot koranbrenning

President Hamid Karzai gjekk sjølv ut i ei offentleg kunngjering og sa at dei ansvarlege for koranbrenninga var uvitande.

Også ein norsk leir har opplevd hemnaksjonar etter koranbrenninga.

LES: Rakett avfyrt mot den norske leiren i Maimana

LES: Demonstrere mot NATO-bygg i Kabul

Dei to som blei drepne, var begge sivile afghanarar. Ein talsperson for NATO seier at ingen utanlandske soldatar var mellom dei drepne og skadde.

SISTE NYTT

Siste nytt