Hopp til innhold

Fem drepne og 20 skadde i koran-protest

Fem skal vere drepne og 20 såra då det vart skote mot demonstrantar i Afganistan onsdag.

Video 215b6e04-2b6b-4da5-8728-f18cd68ad537.jpg

Demonstrantane ropar slagord som «Død over Amerika» under demonstrasjonane i Kabul.

Nyheitsbyrået AFP melde først at ein person er drepen og 20 såra i demonstrasjonar i Kabul og den austlege afghanske byen Jalalabad onsdag.

– Ti personar er skadde og ein drepen da det blei avfyrd skot mot demonstrantane i Jalalabad, seier en doktor til AFP.

No er det kjend at til saman fem personar er drepne i protestane. Tre er drepne i Shinwar nord for Kabul, medan éin er drepen i Jalalabad og éin i Kabul.

Minst 11 personar blei skadde under demonstrasjonar mot Koran-brenninga i Kabul.

Tusenvis av demonstrantar protesterte mot brenninga av Koranen
ved ein Nato-militærbase tidlegare i veka.

Onsdag blei eit gjestehus for 1.500 utlendingar sett i brenn, og den amerikanske ambassaden er stengd, skriv NTB.

Politiet opna eld

– Død over dei amerikanske dokkene. Død over agentane som har sendt dei hit. Dei fornærmar dette heilage landet, roper 70 år gamle Khan Gul, ein av demonstrantane.

Bilar og vindauge vart knuste og afghanske politifolk opna eld mot menneskemengda. Fleire vart ifølgje augevitne såra i skytinga.

I Jalalabad blei ei dokke som forestilte president Barack Obama brent av demonstrantar.


Den amerikanske forsvarsministeren Leon Panetta bad tysdag det
afghanske folk om unnskyldning for koranbrenninga.

AFGHANISTAN-UNREST-US-RELIGION-KORAN

Afghanske demonstrantar støyter saman med politi under protestar i Kabul.

Foto: SHAH MARAI / Afp

Brent som avfall

Fleire kopiar av muslimane si heilage bok vart brent saman med avfall på den store Bagram-basen nord for Kabul.

Øvste kommanderande for Nato-styrken i landet, den amerikanske generalen John Allen, har lova gransking.

Tusenvis av demonstrantar samla seg tysdag utanfor basen og kasta steinar og brannbomber. Vaktene ved basen skaut tilbake med gummikuler og helikopter vart sette inn for å spreie menneskemengda.

Også i hovudstaden Kabul demonstrerte fleire hundre menneske, og afghanske tryggingsstyrkar sende ut forsterkingar for å hindre at situasjonen kom ut av kontroll.

Onsdag har demonstrasjonane også spreidde seg til byen Baraki Bari i Logarprovinsen sør for Kabul.

TOPSHOTS-AFGHANISTAN-UNREST-US-RELIGION-KORAN

Demonstrant held opp ein delvis brent utgåve av Koranen under demonstrasjonar utafor Bagram-basen tysdag.

Foto: MASSOUD HOSSAINI / Afp

Fangebibliotek


Ifølgje ei amerikansk kjelde skal brenninga av Koranen ha skjedd då personalet ved basen bestemte seg for å fjerne ein del litteratur frå fangebiblioteket.

– Desse bøkene vart fjerna frå biblioteket i god meining, men dei vart handterte på ein feil måte. Men det skjedde ikkje på grunn av mangel på respekt for islam, la kjelda til.

Liknande demonstrasjonar i samband med skuldingar om krenking av Koranen har tidlegare enda i alvorlege episodar og drap.

Sju FN-tilsette vart drepne, blant anna norske Siri Skare, då demonstrantar storma FN-hovudkvarteret i Mazar-i-Sharif i april i fjor etter at ein amerikansk pastor brende Koranen

SISTE NYTT

Siste nytt