Hopp til innhold

Åtvarar mot dominoeffekt

Den franske utanriksministeren åtvarar Moldova mot at dei kan bli neste offer for frosne konflikter på smeltepunktet.

Tiraspol

Russisk militærparade i den transnistriske hovudstaden Tiraspol.

Foto: BOGDAN TUDOR / AFP

Russland anerkjente i går dei georgiske utbrytarrepublikkane, Abkhasia og Sør-Ossetia som uavhengige statar. No rådar det stor uvisse om kva som vil skje med den tredje utbrytarrepublikken, Transnistria.

LES: Anerkjenner utbryterprovinsene

Transnistria braut i 1992 med Moldova etter ein kort borgarkrig, og har fått liknande støtte frå Russland som dei to georgiske utbrytarrepublikkane, Sør-Ossetia og Abkhasia.

Dei tre konfliktområda har fått samlebetegnelsen ”dei frosne konfliktene.” Dette fordi fredsforhandlingane har vore fastlåste sidan tidleg 90-tal.

Men etter krigen i Georgia, har desse "frosne konfliktene" byrja å smelte i rekordfart.

-Ekstremt farleg situasjon

Bernard Kouchner

Den franske utanriksministeren åtvarar mot dominoeffekt i Moldova.

Foto: Gerard Cerles / Scanpix/AFP

No åtvarar den franske utanriksministeren, Bernard Kouchner, mot at Russland kan anerkjenne Transnistria for å behandle alle tre utbrytarrepublikkane likt.

-Dette er ein ekstremt farleg situasjon. Vi kan ikkje akseptere fleire brot på internasjonal rett og tryggingsavtalar i Europa, seier Kouchner.

Russland har 1,500 soldatar i Transnistria, og regionen har mange russisktalande innbyggarar. Mange har og, som i utbrytarrepublikkane i Georgia, fått russisk pass.

Men den smale landstripa ligg klemt mellom Ukraina og Moldova, noko kan skape ein svært ustabil situasjon om Russland anerkjenner Transnistria som uavhengig stat.

EU landet Romania kan og finne på å blande seg inn, då innbyggarane i Moldova hovudsakleg er etniske rumenarar.

Russland ynskjer ikkje dominoeffekt

Men russiske styresmakter har ikkje sagt dei vil anerkjenne Transnistria. Snarare tvert i mot.

Den russiske presidenten Dmitrij Medvedjev, åtvarar i staden sin moldovske kollega, Vladimir Voronin, mot å følgje Georgia sitt eksempel, og ta Transnistria med makt.

-Moldova må unngå ei blodig katastrofe, seier den russiske ambassadøren til Moldova, Valeri Kuzmin.

(Artikkelen held fram under illustrasjonen)

Transnistria kart
Foto: NRK

Russland vil presse Moldova

-Men Russland vil nytte seg av den spente situasjonen, og presse Moldova til å signere ”kosakkplanen,” seier statsvitaren Vlad Lupan til BBC. Denne fredsavtalen vil gjere Transnistria ein del av ein moldovsk føderasjon.

Men i følgje planen vil Russland få lov til å ha soldatar i Transnistria på ubestemt tid.

Dette vil ikkje EU og USA ha noko av, og dei internasjonale fredsforhandlingane har vore fastlåste sidan 2003.

LES: Om fredsforhandlingane (OSSE Moldova)

Men direktøren for EU sitt institutt for offentleg politikk, Arcadie Barbarosie, trur EU, med Kouchner i spissen, vil garantere for at Transnistria tilhøyrer Moldova under eit krisemøte i Brussel måndag.

Smirnov og Voronin

Leiaren for Transnistria, Igor Smirnov (til venstre) og den moldovske presidenten, Vladimir Voronin forhandlar om den framtidige statusen til utbrytarrepublikken.

Foto: VADIM DENISOV / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt