Som så ofte før var det rundt flyplassen i Donetsk det skjedde. Den ukrainske regjeringa seier at tapa av menneskeliv skjedde i samband med at opprørarane prøvde å ta tilbake flyplassen i byen. 27 menneske skal vere såra.
Talet på drepne er det høgste sidan det vart inngått våpenkvile mellom partane tidlegare denne månaden.
Granatar frå stridsvogn
Dei ni soldatane vart drepne då opprørarar skaut stridsvognsgranatar mot den pansra lastebilen til soldatane. Donetsk by er framleis kontrollert av dei russiskstøtta opprørarane, men regjeringsstyrkane har teke kontroll over flyplassen.
Det var skyting i Donetsk i heile natt, og skytinga har halde fram utover dagen, heiter det i ei fråsegn frå Rådhuset i Donetsk. Den ukrainske hæren seier at opprørarar har skote mot flyplassområdet med tanks i heile dag.
Den viktige industribyen Kharkiv, den nest største byen i Ukraina etter Kiev, har for det meste unngått borgarkrigen som herjar i andre delar av det austlege Ukraina. Likevel ulmar uroa også i denne byen.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Lenin for fall
På det sentrale i torget i Kharkiv har det sidan 1960-talet stått ei 12,5 meter statue av Vladimir Lenin, sjølve symbolet på den kommunistiske revolusjonen i Russland og danninga av Sovjetunionen.
I natt gjekk ei folkemengd laus på statuen og reiv han ned frå sokkelen, til stor jubel for andre frammøtte. Andre reagerte med sinne på dei meinte var «vandalisering av kulturminne». Dette skjedde i samband med ein større demonstrasjon mot separatistane, og fleire tusen menneske deltok.
Borgarmeisteren i Kharkiv, Genadij Kernes, var ein av dei som reagerte med sinne på rivinga av Lenin-statuen. Han lovde at statuen skal gjenreisast i gammal prakt. T-banestasjonen like ved statuen vart stengt av frykt for at folk skulle kome til og at det skulle bli samanstøytar.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Kommunistsymbol
Ukrainas innanriksminister Arsen Avakov seier på si side at han ikkje har noko imot at Lenin-statuen vart riven ned, så lenge ingen vart skadd.
– Lenin? La han falle. Så lenge ingen blir skadd, så lenge dette fordømte kommunistsymbolet ikkje tek endå fleire liv, skriv Avakov på Facebook-sida si.
Kharkiv, som har 1,5 millionar innbyggjarar, blir rekna som ein by med sterkare russisk enn ukrainsk kulturell tilknyting.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: