Hopp til innhold

Landet som må starte på ny

Mali har trekt det kjipe kortet «Rykk tilbake til start». I dag tek landet på ny fatt med å bygge ein stabil og moderne stat. Men vegen dit er bratt og full av hinder.

MALI-CONFLICT-VOTE

Utanfor ein barneskule i Bamako var køane uvanleg lange, då maliarane gjekk til urnene for første valrunde den 28. juli.

Foto: HABIBOU KOUYATE / Afp

To år fylt med borgarkrig, redsel og svolt er snart over, forhåpentlegvis. Når folket i Mali i dag går til stemmeurnene skal dei velje sin nye leiar i presidentvalets andre og avgjerande runde. Det skjer halvanna år etter at den førre folkevalde presidenten vart kasta av deira eigen hær.

– Dei eldre er klare, ungdommen er klare, til og med kveget vårt er klart for valet, seier Kada Dada Maiga til TV-kanalen France 24.

Ser lysare ut no

Han er talsperson for dei eldre i den nord-maliske byen Gao, ein by som har vore i sentrum av dei mange problema i Mali.

Mange av hans medborgarar har vore nøydt til å flykte sørover i landet eller til nabolanda, men etter Frankrike og Tsjad sin intervensjon i januar ser mykje lysare ut for folket i Nord-Mali.

– Eg applauderer franskmennene som kom og hjelpte oss. Gud veit kor me hadde vore i dag om ikkje hjelpa frå Frankrike hadde kome i tide, seier Mariam Coulibaly, som bur i hovudstaden Bamako, til Al Jazeera.

Maiga i Gao og Coulibaly i Bamako snakkar på vegner av dei fleste i Mali.

For opprørarane som har skapt problema i landet har ikkje noko brei støtte i folket, og no vil folket finne attende til eit Mali der demokratiet, religionsfridomen og langsiktig utviklingsarbeid står i sentrum. Nett slik det var i Mali før uroa starta i 2011.

MALI-REBELS/FRANCE A Malian man painted in the colours of the French flag poses for a picture before the arrival of France's President Hollande at the Independence Plaza in Bamako, Mali

Velkomen François Hollande, vår redningsmann, står det måla på den maliske mannen som var til stades utanfor hotellet kor Frankrikes president budde under sitt besøk i april.

Foto: JOE PENNEY / Reuters

Det er to veker sidan det maliske folk først gjekk til valurnene for å stemme på sin presidentfavoritt.

Lenge såg det ut til at favoritten Ibrahim Boubacar Keita skulle klare å få meir enn halvparten av stemmene, og sigre allereie i første runde, men då resultatet vart offentleg, så synte det seg at valet var jamnare enn som så.

Erfaren presidentfavoritt

Med 39 prosent vann Keita den første runden klart, og på andreplass kom hans argaste konkurrent Soumaïlla Cissé med 19 prosent.

Kandidaten som kom på tredjeplass, Dramane Dembélé, har oppmoda dei som stemte på han i første runde, om å stemme på Keita i andre runde, og dermed er det mykje som skal skje om ikkje Keita, som vert kalla for IBK, vert Malis nye leiar.

Og det er ein erfaren mann som skal prøve å skape dialog mot stridande grupper i nord-Mali, og samstundes få landet attende på rett kjøl.

Keita har tidlegare vore statsminister i landet, han har vore president for nasjonalforsamlinga og har også erfaring frå samarbeidsorganisasjonen for vestafrikanske statar, Ecowas.

(Saka held fram under biletet.)

Soumaila Cisse og Ibrahim Boubacar Keita

Anten overraskar Soumailla Cissé, til venstre, eller så er det favoritten Ibrahim Boubacar Keita som vinn presidentvalet i Mali.

Foto: GEORGES GOBET / Afp

Fredfull førsterunde

Den første valrunden i Mali gjekk føre seg utan særskilde problem, sjølv om det i forkant kom trugslar om at vallokal nord i landet var terrormål.

Trugslane kan ha påverka valoppslutninga som var låg i dei nordlegaste delane, men landsgjennomsnittet var på over 50 prosent frammøtte, meir enn 20 prosent større valoppslutnad enn ved tidlegare val.

Valet i Mali er i stor grad eit personval, for dei fleste kandidatane er einige om at tryggleiken må stå i fokus, og deretter er det dei mange utfordringane knytt til utdanning, mattryggleik og økonomisk utvikling som står for tur.

– Min førsteprioritet vil bli å jobbe for varig fred i Mali. Og det skal vere ekte fred, og ikkje noko falskt, har Keita sagt til France 24.

(Saka held fram under biletet.)

MALI-CONFLICT-POLITICS-VOTE

Azawad heiter staten som kamelfolket tuaregane ønskjer å danne. Her er to tuaregar på veg inn mot ørkenbyen Kidal, same dag som første valrunde den 28. juli.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / Afp

Viktig val for Afrika og Europa

Det er ikkje berre det maliske folk som er spente før dagens val, også resten av Vest-Afrika ser fram til å få ein ny statsleiar.

– Sjølvsagt, me ventar alle på avgjersla til det maliske folk. Og eg trur at alle kandidatar kjem til å akseptere utfallet som valet gir, seier Assane Ouattara, som er president i nabolandet Elfenbeinskysten.

Også for Europa og Frankrike kan valet i Mali vere viktig. For med eskalerande narkotikatrafikk og islamistisk terrorverksemd har situasjonen i Mali blitt ein trugsel også langt utover Afrikas grenser.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt