Kong Abdullah av Saudi-Arabia - Kong Abdullah av Saudi-Arabia avviser skuldingar om at saudiarabiske kvinner er marginaliserte. No gjev han dei både stemmerett og høve til å stilla til val. - Foto: ALI JAREKJI / REUTERS

Kong Abdullah av Saudi-Arabia avviser skuldingar om at saudiarabiske kvinner er marginaliserte. No gjev han dei både stemmerett og høve til å stilla til val.

Foto: ALI JAREKJI / REUTERS

No gir han kvinnene røysterett

Kvinner i Saudi-Arabia skal få lov til å røysta ved kommande val, seier Kong Abdullah søndag.

Som eitt av nokre land har Saudi-Arabia hittil nekta kvinner å putta stemmesedlar i urnene. Men no skal kvinnene få røysterett på lik linje med menn, seier Kong Abdullah søndag.

– Me avviser å marginalisera kvinner i samfunnet i alle roller som overheld sharia. Derfor har me, etter drøftingar, vedteke å involvera kvinner i shurarådet som medlemmer frå og med neste periode, sa kongen i ein til rådet søndag.

– Kvinner vil vera i stand til å stilla som kandidatar i lokalvalet og vil også få røysterett, sa Kongen i ein til rådet søndag, la han til.

Ikkje nasjonale val

Kvinnene i det ultra-konservative islamske kongedømet Saudi-Arabia må kjempa ein hard kamp for likeverd og rettar som er grunnleggjande i eit demokratisk styresett.

Hittil har Saudi-Arabia stått i selskap med Bhutan, Brunei, Dei sameinte arabiske emirata, Libanon og Vatikanstaten, der kvinner anten har innskrenka eller ingen røysterett.

Kongedømet Saudi-Arabia har ikkje nasjonale val. Førre gong eit lokalval blei gjennomført var i 2005, og då var kvinnene uønska. Menn fekk for første gong lov til å velja halvparten av representantane i lokale forsamlingar, andre halvparten vart utpeika av kongefamilien.

Tidspunktet for neste lokalval var sett til 2009, men blei utsett til september 2011 og går av stabelen neste veke. Kvinnene vil uansett først få brukt røysteretten sin ved neste lokalval, opplyser kongen.

(Saka held fram under biletet)

Saudi-arabiske kvinner - Svært få kvinner i Saudi Arabia ønskjer å stilla opp på bilete. - Foto: Sidsel Wold / NRK

Svært få kvinner i Saudi Arabia ønskjer å stilla opp på bilete.

Foto: Sidsel Wold / NRK

Får oppfylt nøkkelkrav

I tillegg til røysterett, vil den usedvanleg rause Kong Abdullah også gje kvinnene høve til å stilla som fullverdige kandidatar til Shura-rådet, eit rådgjevande organ med medlemmer utpeika av kongen.

Dermed får liberale aktivistar oppfylt to nøkkelkrav etter lang tids kamp mot konservative krefter.

I Saudi-Arabia er noko som liknar likestilling likevel ein fjern draum.

Kvinner må dekkja seg til, treng løyve frå ein mannleg slektning for å reisa og er hindra i ø søkja mange typar jobbar. Dei har heller ikkje lov til å køyra bil, noko mange har demonstrert mot og fått internasjonal merksemd for den siste tida.

Fryktar «den arabiske våren»

Den arabiske våren, som den pågåande bølgja av opprør og revolusjonar i den arabiske verda har vorte døypt, har i mindre grad smitta over på folkesetnaden i det rike oljelandet.

Etter at det blussa opp små demonstrasjonar aust i Saudi-Arabia i mars, blei Kongen skremd og innførte forbod mot alle typar demonstrasjonar. Leiarane i landet åtvara samstundes om kraftige sanksjonar for dei som braut forbodet.

Utvalgte dokumentarer

Ty. dokumentarserie. 100 år etter at krigen braut ut, får vi ei ny historie om dei grufulle åra, ikkje fortalt gjennom makthavarane, men slik 14 personar har skildra opplevingane sine. Dei åtte episodane er sett saman av oppdikta scener, gamle arkivklipp og animasjonar. I første episode er 14 år gamle Marina saman med faren, som er oberst, på ei togreise til fronten. Kunstnaren Käthe Kollwitz og mannen hennar må sjå at sonen deira på 17 vervar seg som soldat til krigen. (Tagebücher des Ersten Weltkrieges) (1:8)
Norsk dokumentar fra 2009. I 2008 dro Anja Breien til Irak for å følge jesidiene, et folk som bekjenner seg en ur-religion etablert før kristendom og islam fikk fotfeste. Deres hellige sted er Lalish Tempel i irakisk Kurdistan, i et dalføre som jesidiene tror var Paradisets dal. Der tilber de solen og ilden, og deres historie overleveres muntlig. Jesidiene er forsøkt utslettet gang på gang gjennom århundrer, i dag aktualisert gjennom trusselen fra ISIL.
Ty. dokumentar. Et sterkt vitnesbyrd fra krigen i Syria. Regissør Talal Derki følger to kamerater som har fått livet snudd på hodet av borgerkrigen: Basset, 19 år, er fotballspiller og sanger. Ossama på 24 er fotograf og pasifist. De drømmer om å få fjernet Bashar al-Assad og demonstrerer for frihet og demokrati. Men når konflikten blir mer voldelig, blir de unge også mer opprørske og tar til våpen. Filmen vant prisen for beste dokumentar på Sundance Film Festival. (Return to Homs)