Fredrik Reinfeldt jublar etter at sigeren var klar. - Foto: Henrik Montgomery, HENRIK MONTGOMERY /
Foto: Henrik Montgomery, HENRIK MONTGOMERY

Ein ny æra i svensk politikk

Etter 12 år med Göran Persson og Sosialdemokratarna i førarsetet, går Sverige no inn i ein ny tidsalder, Reinfeldt-æraen.

- Fredrik Reinfeldt er ein målbevisst og kalkulerande politikar som har forstått kva som skal til for å få til borgarleg samling, seier politisk kommentator i NRK, Bjørn Bø.

Bø meiner det er to hovudgrunnar til at 41 år gamle Fredrik Reinfeldt no bli ny svensk statsminister.

 

Dei fire partileiarane som no skal danne ny regjering i Sverige. - Foto: Göran Hägglund, Bob Strong, BOB STRONG / Scanpix/Reuters
Foto: Göran Hägglund, Bob Strong, BOB STRONG / Scanpix/Reuters

Sentrumspolitikar

- Han har ført Moderatarna inn mot sentrum i svensk politikk , både retorisk og reelt. Det har på mange måtar blitt eit nytt parti, Nya Moderatarna, seier Bø.

Sverige har fått si første borgarlege regjering sidan 1994 og den første fleirtalsregjeringa sidan 1981.

Bø peikar også på at Fredrik Reinfeldt har vore hovuddrivkrafta for å få til ei borgarleg samling. Årsaka til at dei har fått det til er at den politiske avstanden mellom dei fire partia er mindre enn nokon gong.

- Valet for fire år sidan var eit katastrofeval for Moderatarna. Då stod skattepolitikken i fokus. Den dåverande leiaren for partiet, Bo Lundgren, var tidlegare skatteminister i Carl Bildt si regjering. Han snakka stort sett om skattelettar i heile valkampen, og det gjekk ikkje heim hos veljarane. Reinfeldt er mykje mindre aggressiv når det gjeld å love skattelettar, men har heller lovd å setje ned avgiftene på å ha folk i arbeid. Dette har gitt resultat, seier Bjørn Bø.

Undersøkingar som er gjorde i samband med valet viser at ein av 10 som røysta på Moderatarna kom direkte frå Det sosialdemokratiske partiet. Dette tyder på at slagordet: "Moderatarna er det nye arbetarpartiet" ikkje er heilt teke ut av lufta.

Tony Blair

- Fredrik Reinfeldt har blitt samanlikna med Tony Blair, statsministeren i Storbritannia. Er det ei reell samanlikning?

- På same måte som Blairs New Labour har blitt mykje meir eit sentrumsparti enn det var, så har Reinfeldt ført Moderatarna frå høgre og inn mot sentrum. Begge er utprega sentrumspolitikarar, seier Bø.

Bjørn Bø trur samarbeidet mellom dei fire nye regjeringspartia, Moderatarna, Senterpartiet, Folkpartiet og Kristdemokratarna, vil gå bra. Han trur dei har brukt så mykje tid på å setje saman programmet dei gjekk til val på, at dei kjem til å halde saman.

NRK-kommentatoren meiner det er vanskeleg å samanlikne situasjonen i svensk politikk med norsk, først og fremst fordi Sverige ikkje har eit Framstegsparti. Difor er situasjonen heilt ulik for Høgres Erna Solberg og Moderatarnas Fredrik Reinfeldt.

Valforskar Frank Aarebrot er samd i dette,  og seier at Høgre ikkje har same handlingsrommet for å forme alliansar som den svenske systerpartiet har. Men, seier han, Sverige kan få sitt Framstegsparti alt ved valet om fire år.

Han har merkt seg at det innvandringsfiendtlege partiet Sverigedemokraterna gjorde eit godt val, ikkje minst i Skåne.

- Svensk innvandringsdebatt er der vi var for 10-12 år sidan, då ein vart hudfletta og utskjeld dersom ein tok opp spørsmål om innnvandring. Sverige har ikkje noko Frp, men med Sverigedemokraterna sin framgang ser eg ikkje bort frå at dei har fått sitt Frp ved valet i 2010, seier Frank Aarebrot i eit intervju med NTB.

Utanriks

Utanrikspolitikk har ikkje vore noko sentralt i den svenske valkampen, og Bjørn Bø  la merkje til at Reinfeldt på fjernsyn i natt gav ros til Göran Persson for den stabile utanrikspolitikken han har ført.

Dette tolkar Bø som at han vil halde fram den utanrikspolitiske lina som Sosialdemokratarna har lagt seg på.

- Rett nok har Moderatarna programfesta at dei ynskjer at Sverige skal bli medlem av NATO, men dette er ikkje aktuell politikk i den noverande koalisjonen. Det vil bli tona ned, trur han.

Bø får støtte i dette frå direktøren ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt NUPI, Sverre Lodgaard. Han trur Fredrik Reinfeldt vil følgje opp den utanrikspolitikken som Persson har ført, og at det ikkje er skarpe meiningsskilnader mellom dei på dette feltet.

- Eg la merkje til at Reinfeldt gav Persson ros for måten han hadde ordna statsfinansane og utanrikspolitikken på. Dette tyder nok på at politikken vil bli vidareført, seier han.

Lodgaard minner også om at mykje av den svenske utanrikspolitikken ligg innanfor rammene til EU.

Partibakgrunn

Fredrik Reinfeldt er fødd i Stockholm-forstaden Østerhaninge 4. august 1965. Han er gift med tre år yngre Filippa, som er kommunalråd i Täby nord for Stockholm for Moderatarna, og dei har tre born saman.

Reinfeldt overtok som partileiar i Moderatarna etter Bo Lundgren i oktober 2003. Han har vore aktiv i partiet sidan han melde seg inn i ungdomsorganisasjonen i 1983 som 18-åring. Etter valnederlaget i 1994 gjekk han ut med hard kritikk av dåverande partileiar Carl Bildt, som han meinte hadde altfor stor makt i partiet.

Han kritiserte også andre partitoppar, blant dei forgjengaren som leiar, Bo Lundgren, som Carl Bildt-kopiar. Dette førte til at han måtte stå skulerett for partigruppa til Moderatarna i Riksdagen, som meinte han hadde gått over grensa.

Etter dette tona han ned kritikken sin, og sidan har karrierevegen hans peika berre ein veg, oppover. Han seier sjølv at den politikaren han har lært mest av er tidlegare justisminister Gun Hellsvik, også ho frå Moderatarna.

 

Fredrik Reinfeldt saman med kona Filippa Reinfeldt - Foto: Sven Nackstrand, SVEN NACKSTRAND /
Foto: Sven Nackstrand, SVEN NACKSTRAND

 

 

 

 

 

 

 

 

(NRK - Wikipedia)

Flere utenriksnyheter

Siste saker

Utvalgte dokumentarer

Japansk dokumentar. Kvar og når oppstod det første livet på jorda? Ein stor studie blei nylig starta for å løyse dette store biologiske mysteriet. Forskarane undersøker havområde djupare enn 1000 meter. Hydrotermiske opningar i havbotnen på desse djupa støyter ut vatn med temperaturar over 300 gradar. Teorien er at dette miljøet truleg er nesten det same som da livet blei til på jorda for fire milliardar år sidan. (Deep Sea Expedition - Searching for Life's Origin)
Hassan Dhuhulow kom til Norge da han var en ung gutt. I fjor deltok han i en brutal nedslakting av tilfeldige mennesker på kjøpesenteret Westgate i Nairobi. Minst 67 mennesker døde. Hva fikk Dhuhulow til å reise fra en rolig, norsk småby for å bli terrorist? Når ble han radikalisert? Vi har fulgt i hans fotspor, og møtt ofrene og de etterlatte i Nairobi.
Norsk dokumentar. Førstkommende søndag går 143 millioner brasilianere til valgurnene i den avgjørende omgangen i årets presidentvalg. Kampen står mellom venstresidens kandidat, president Dilma Rouseff, og sentrum-høyre-kandidaten Aecio Neves. Mye står på spill - også for norsk industri, som har investert store summer i Brasil.