Hopp til innhold

Brende: – Konflikten på Gazastripa må stoppast

Noreg og det internasjonale samfunnet må oppmoda Israel og Hamas til våpenkvile for å stoppa den blodige konflikten på Gazastripa, seier utanriksminister Børge Brende.

Israelere ser på kampene i Gaza

Israelarar busett i byen Sderot nær Gazastripa ser over mot Gaza by. I natt bomba Israel over 300 mål på Gazastripa og minst 15 menneske mista livet.

Foto: MENAHEM KAHANA / Afp

Et hus i en kibbutz nær grensen til Gazastripen ble bombet av Hamas onsdag

Eit hus i ein kibbutz nær grensa til Gazastripa blei bomba av Hamas onsdag

Foto: MENAHEM KAHANA / Afp
Israels flyangrep i Gaza by

Israelsk flyangrep mot Gaza by onsdag.

Foto: THOMAS COEX / Afp

Brende seier Noreg må leggje press på Israel slik at dei forstår kor sterkt ønsket om ein våpenkvile er.

Brende snakka med den palestinske presidenten Mahmoud Abbas i går kveld, og seier at Abbas er samd i at Hamas må stoppe rakettåtaka mot Israel.

– Begge partar må roe seg

– Det internasjonale samfunnet må sette alt inn på å få partane til å leggje band på seg, seier Brende til NRK torsdag morgon.

Tryggingsrådet i FN skal ha møte om konflikten mellom palestinarane og Israel i dag. Generalsekretær Ban Ki-moon vil truleg vere til stades under møtet, opplyser FN-kjelder til Reuters.

Brende seier han håper at Tryggingsrådet kan bli einig i dag om ein sterk appell til partane om å stoppe åtaka og få til ei reell våpenkvile.

Krisemøte torsdag

– For å få til ei våpenkvile må Hamas slutte å sende rakettar og Israel må stoppe åtaka som no rammer sivile på ein meir og meir uproporsjonal måte, seier Brende.

For å få til ein våpenkvile må Hamas slutte å sende rakettar og Israel må stoppe åtaka som no rammer sivile på Gazastripa."

Børge Brende, utanriksminister
Børge Brende

Utanriksminister Børge Brende på et møte i FN måndag denne veka.

Foto: Richard Drew / Ap

Ei rekkje muslimske land har bede Tryggingsrådet kalle inn til krisemøte om situasjonen i Midtausten som har forverra seg kraftig de siste dagane.

Brende fortel at han snakka med Abbas på telefon onsdag kveld, og seier at Abbas var svært uroa.

– Abbas er samd i at alle krefter no må settast inn på å få til ei reell våpenkvile der Israel sluttar å bombe Gaza. Han var og samd i at Hamas må slutte å sende rakettar mot Israel, seier Brende til NRK.

Minst 64 drepne

Børge Brende og Riyad Mansour

Utanriksminister Børge Brende møtte den palestinske FN-utsendingen Riyad Mansour i New York måndag.

Foto: Richard Drew / Ap

Minst 64 menneske er drepne i israelske angrep på Gazastripen dei siste dagane, ifølgje nyheitsbyrået AFP. Rakettar skutt ut av væpna palestinske grupper har nådd heilt til storbyane Jerusalem og Tel Aviv.

Blant dei drepne skal det vere 18 born, 10 kvinner og minst 6 medlem av væpna palestinske grupper.

Så langt er det ikkje kome meldingar om at nokon er drepne på israelsk side.

– Vi ber Tryggingsrådet ta ansvar og stanse denne aggresjonen mot folket vårt, seier den palestinske FN-utsendingen Riyad Mansour.

Israels FN-utsending Ron Prosor meiner det ber dei palestinske rakettåtaka som har gjort det naudsynt for Israel å setje i verk militæroperasjonen på Gazastripen.

LES OGSÅ: – Han ble drept da han var ute for å kjøpe mat

Israelere ser på kamper på Gazastripen

Israelarar i ein by nær grensa til Gazastripa ser på luftkampane onsdag kveld.

Foto: MENAHEM KAHANA / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt