Stor jubel i NASA-hovudkvarteret i Pasadena etter at "Opportunity" landa trygt på Mars i dag tidleg. (Reuters-Scanpix-foto)
Slik ser robotkøyretyet "Opportunity" ut. (AFP-Scanpix-foto)
Det var stor glede i NASA-hovudkvarteret i Pasadena i California då meldinga om den vellukka landinga på planeten Mars. Guvernør Arnold Schwarzenegger og tidlegare visepresident Al Gore var blant dei som kom til hovudkvarteret for å gratulere prosjektleiar Pete Theisinger og resten av dei som har arbeidd med Mars-prosjektet.
"Opportunity" landa i området Meridiani Planum, som skal vere eitt av dei flataste områda på Mars.
Dette biletet viser området der "Opportunity" landa, før landinga. (Foto: NASA-Scanpix)
I går kveld vart det også gjort store framsteg i arbeidet med å reparere Mars-køyretyet "Spirit", som landa på planeten 3. januar. "Spirit" sende signalar tilbake til jorda fredag, to dagar etter at all kommunikasjon med
romfartyet vart broten.
Det er no god von om at "Spirit" snart vil vere i full funksjon igjen på Mars, og dermed vil USA ha to operative robotkøyrety på planeten.
Samstundes skal Den europesiske romfartsorganisasjonen ESA gjere eit siste forsøk denne helga på å få kontakt med "Beagle-2", som landa på Mars 1. juledag i fjor. Etter landinga har ikkje fartyet gitt lyd frå seg. ESA reknar likevel ikkje med at sjansane er særleg store for å få kontakt med "Beagle-2" igjen.
Guvernør Arnold Schwarzenegger (t.v.) vart blant dei som gratulerte prosjektleiar Pete Theisinger med den vellukka landinga. (Foto: Reuters-Scanpix)