Hopp til innhold

– Russiske kryssarrakettar slo ned i Iran

Fire russiske kryssarrakettar, som vart skotne frå marinefartøy i Kaspihavet mot mål i Syria, slo ned i Iran, seier amerikanske militære kjelder til CNN. Russland avviser meldinga.

Russisk marinefartøy i Kaspihavet fyrer av kryssarrakettar.

Ein kryssarrakett blir fyrt av frå eit russisk marinefartøy i Kaspihavet. Amerikanske militærkjelder seier at fire av rakettane slo ned i Iran.

Foto: - / Afp

Ifølgje ein talsmann for det russiske forsvarsdepartementet så nådde alle rakettane som vart skotne ut frå skip i Kaspihavet, måla sine i Syria.

– I motsetnad til CNN gir vi ikkje opplysningar baserte på anonyme kjelder. Vi viser fram oppskytinga av rakettane og måla dei ramma, seier talsmann i forsvarsdepartementet, generalmajor Igor Kongasjenkov til nyheitsbyrået Reuters.

Iransk territorium

Iranske styresmakter har ikkje kommentert meldingane.

Rakettar skotne ut frå Kaspihavet må gå over iransk territorium for å kunne nå mål i borgarkrigsherja Syria. Russiske styresmakter opplyste i går at dei hadde skote 26 kryssarakettar frå Kaspihavet mot IS-mål i Syria.

Dei amerikanske militærkjeldene veit ikkje om rakettane gjorde skade då dei slo ned i Iran.

Det er uklart om Russland har fått løyve frå Iran om å skyte kryssarrakettar over landet sitt territorium, men Russland og Iran støttar begge Syrias president Bashar Assad i borgarkrigen i Syria.

Ein syrisk militær talsmann seier at dei russiske angrepa har gjort det mogleg for regjeringsstyrkane å gå til ein bakkeoffensiv mot IS og Nusrafronten. Det er meldt om harde kampar fleire stader i provinsane Idlib, Hama og Latakia.

kryssarakettar frå Kaspihavet mot IS-mål i Syria.

– Russland kan forverre borgarkrigen i Syria

Kerry og Lavrov

USAs utanriksdepartement seier i ei fråsegn i kveld norsk tid at dei ikkje kan stadfeste at russiske kryssarrakettar slo ned i Iran.

Utanriksminister John Kerry hadde i dag samtalar på telefon med sin russiske kollega Sergej Lavrov om situasjonen i Syria. Ifølgje amerikansk UD sa Kerry til Lavrov at mesteparten av måla dei russiske angrepa var retta mot, ikkje hadde noko med terrororganisasjonen IS å gjere.

Offisielle iranske nyheitsmedium har ikkje omtalt dei amerikanske påstandane, men byrået Fars kallar det eit eksempel på amerikansk propaganda mot Russland og psykologisk krigføring, ifølgje New York Times.

Det

SISTE NYTT

Siste nytt