Hopp til innhold

– IS-tilknytt nordmann drepen i Syria

Ein etnisk norsk mann knytt til terrororganisasjonen IS er drepen i Syria, melder TV 2.

Medlemmer av terrorgruppen Den islamske staten

Medlemer av terrorgruppa Den islamske staten (IS) i Syria.

Foto: - / Afp

Mannen vart drepen av skot eller i eit bombeangrep tidlegare denne veka. TV 2 melder at dei kjenner identiteten til mannen, og at familien til mannen er orientert. Også NRK kjenner identiteten til mannen, som er frå Trøndelag. NRKs kjelder stadfestar at mannen i slutten av 20-åra er knytt til IS.

Kommunikasjonsdirektør Trond Hugubakken i PST vil overfor NRK ikkje kommentere meldinga. Han seier på generell basis at det er svært vanskeleg for norske styresmakter å få verifisert om nordmenn har mist livet i Syria.

Mannen skal ha reist frå Noreg hausten 2014 saman med kona si. Det er ho som skal ha orientert familien til mannen om dødsfallet, ifølgje TV 2. Utanriksdepartementet vil ikkje kommentere saka og viser til PST.

Totalt er rundt 15 personar frå Noreg drepne i Syria av dei minst 70 som har reist til landet, melder NTB.

LES OGSÅ: Ektepar reiste til Syria

LES OGSÅ: Første rettssak mot norske IS-krigere

LES OGSÅ: Dette var den norske jihadisten

LES OGSÅ: Selvmordsbomber var enken til norsk jihadist

LES OGSÅ: PST: – Over dobbelt så mange har reist

SISTE NYTT

Siste nytt