Militæret i Nigeria melde tidlegare fredag at styresmaktene i landet hadde inngått våpenkvile med islamistgruppa Boko Haram og forhandla fram ein avtale om å sleppa fri dei over 200 jentene som gruppa tok til fange i april
– Sentrale nigerianske styresmakter og Boko Haram har inngått ei våpenkvile, sa ein talsmann for det nigerianske forsvaret, ifølgje nyheitsbyrået AFP.
Fredag kveld stadfestar ein talsmann for sikkerhetssjeen i landet våpenkvila, men han avviser at det er inngått ien avtale om skulejentene.
Nærmar seg ein avtale
– Nei, den delen er me ikkje blitt samde om, men me kjem nærare og nærare, sa talsmann Mike Omeri.
Meldingen om våpenkvila kjem både frå tryggingssjefen i Nigeria, presidenten sitt kontor og militæret.
– Terroristane har allereie kunngjort ei våpenkvile for å fremja sitt ønske om fred, seier Omeri, og legg til at også regjeringa har erklært våpenkvile.
Det har heile tida vore tvil om opplysningane om avtalen var til å stole på.
Fleire ekspertar som kjenner til Boko Haram seier til nyheitsbyrået AFP at mannen som skal ha delteke i samtaler med nigerianske styresmakter er eit ukjent namn for dei.
Dei meiner fredssamtalane kan vise seg å ikkje ha noko verdi, og at det er Abubakar Shekau som må uttale seg for Boko Haram før ein kan stole på opplysingane som kjem. Førebels har ikkje Shekau sagt noko om den påståtte avtalen.
LES OGSÅ:
Det er uvisst om ein framtidig avtale inneber at Boko Haram får nokre tenester i retur for å lauslata jentene. President Jonathan har tidlegare nekta å sleppe laus Boko Haram-fangar i byte mot jentene.
Jentene vart kidnappa frå ein internatskule der dei var elevar, og har dei siste seks månadane vorte haldne som fangar av islamistgruppa. Gruppa har i lengre tid herja i Nord-Nigeria og grenseområda mot Kamerun og Tsjad.
Avtale med Kamerun førre veke
I førre veke inngjekk Boko Haram ein avtale med Kamerun, som førte til at fleire sentrale personar i Boko Haram vart lauslatne.
I byte fekk Kamerun mellom anna visepresidenten si kone, som i juli vart teken til fange av den islamistiske gruppa i Nord-Kamerun. Også fleire kinesiske arbeidarar fekk gå fri.
I dag kjem derimot beskjeden om at Kamerun har drepe 107 Boko Haram-soldatar nord i landet, og at åtte kamerunske soldatar vart drepne i dei same kampane. Det er det kamerunske forsvarsdepartementet som seier dette ifølgje Reuters.
Styresmaktene i Nigeria har fått mykje kritikk for at dei ikkje har klart å stoppe Boko Haram tidlegare. Over heile verda har folk kravd at jentene må få gå fri, og emneknaggen #BringBackOurGirls har vore mykje brukt.
LES OGSÅ:
Også president Jonathan har fått mykje kritikk for si handtering av den trugselen Boko Haram utgjer, og mange har meint at Jonathan sine sjansar for å vinne det kommande presidentvalet i Nigeria minskar, ettersom han ikkje klarer å løysa konflikten.
Nigeria har forsøkt å demme opp for den trugselen Boko Haram utgjer ved å sette inn militære styrker i Nord-Nigeria, men islamistgruppa si usymmetriske krigføring har vore vanskeleg å handtere for Nigeria.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: