NRK Meny
Normal

#HaveNotBroughtBackOurGirls

I april vart 270 skulejenter bortførte av terrorgruppa Boko Haram. Emneknaggen #BringBackOurGirls gjekk verda rundt, og ressursar vart sette inn i leitinga. Fem månader seinare er framleis ikkje marerittet over. Kva har eigentleg blitt gjort for å få jentene tilbake?

Nigeria Kidnapped School Girls

Nokre demonstrantar har framleis ikkje gitt opp. Desse demonstrerte i Abuja den 11. september, og meiner tida er på veg til å renne ut for dei kidnappa jentene.

Foto: Olamikan Gbemiga / Ap

Det var mørkt ute og jentene på internatskulen vakna til lyden av skotsalver. Då dei såg menn i kamuflasjekledde uniformer trudde dei at soldatane hadde kome for å redde dei. Men det skulle fort vise seg at mennene hadde ein annan plan.

270 skulejenter vart kidnappa av Boko Haram-soldatane som kom til jenteskulen Chibok den natta for fem månader sidan. Dei første dagane etter kidnappinga klarte 57 av jentene å flykte, men resten er framleis i Boko Haram si varetekt.

Responsen venta på seg. Både frå nigerianske styresmakter og verda elles. Sjølv om det var ei sjokkerande handling kasta ikkje internasjonale medium, politikarar og kjendisar seg skikkeleg over saka før USAs presidentfrue Michelle Obama, vart med på nettkampanjen #BringBackOurGirls i byrjinga av mai.

Laster Twitter-innhold

Men sidan den gong har folk verda rundt engasjert seg i kampen for å få jentene frigjorde. USA, Canada, Tsjad, Frankrike, Israel og Storbritannia har alle sendt spesialstyrkar for å frigjere jentene, utan hell.

I Nigeria har det lenge pågått ein diskusjon om kva som må og bør gjerast for å hjelpe jentene. Enkelte politikarar vert skulda for å hjelpe Boko Haram med pengar, medan andre meiner at ein ikkje bør gå hardt til verks med fare for at det skal sette jentenes liv i fare.

Asymmetrisk fiende skaper problem

Nigeria har sett inn nokre militære styrker for å forsøke å stoppe Boko Haram, utan særleg suksess. Landets forsvarssjef, Alex Badeh, som tok over i januar lova allereie då å slå ned på Boko Haram.

Åtte månader seinare er Boko Haram sterkare enn nokon gong, og har erobra fleire mindre byer i Nord-Nigeria. I tillegg har gruppa tatt seg inn i nabolanda Kamerun og Tsjad. Det nigerianske militæret haustar på si side kritikk for å ikkje vere særleg sterke, og i tillegg vert dei skulda for grove menneskerettsbrot.

I august kom det fram at minst 40 regjeringssoldatar hadde lagt ned våpena og nekta å kjempe meir, på grunn av dårleg utstyr og manglande oppfølging. Soldatane meiner dei var sendt i krigen for å døy.

– Boko Haram er i buskane overalt. Det hæren gjer er å ofre soldatar. Eg verva meg for å forsvare landet mitt, men me kan ikkje forsvare det utan å vere utstyrt til det, sa ein soldat til BBC i august.

I ekspertmiljø snakkar ein om utfordringane ved å slå ned på såkalla asymmetriske trugslar. Slike trugslar er ofte grupper som er vanskelege å kartlegge. Det kan variere frå dag til dag kva område, måte eller mål dei slår til mot. Vanleg konvensjonell militærtaktikk har vist seg å fungere dårleg.

(Saka held fram under videoen)

Boko Haram med ny video der dei hersar med #BrinBackOurGirls-kampanjen

Boko Haram kom i juli med eit tilsvar på #BringBackOurGirls-kampanjen.

7,5 millionar til PR-byrå

President Goodluck Jonathan har fått mykje kritikk for den svake responsen mot Boko Haram, og gruppa har etter kvart blitt dårleg reklame for Nigeria. Så dårleg reklame at landet no har betalt eit amerikansk PR-byrå 7,5 millionar kroner for å betre Nigerias omdømme.

NIGERIA-CHAD-UNREST-DIPLOMACY

Tidlegare denne månaden møttes presidentane i Nigeria og Tsjad kvarandre. Dei to må begge svare på trugselen frå Boko Haram, men det er Goodluck Jonathan (til venstre) som har dei største utfordringane. Idris Deby Itno frå Tsjad er til høgre.

Foto: BRAHIM ADJI / Afp

Neste år skal Jonathan prøve å bli valt om att som leiar i Afrikas mest folkerike stat. Han har framleis støtte hos størstedelen av folket, men politiske analytikarar meiner han no kjemper i motvind.

I tillegg til Boko Haram, får Jonathan også kritikk for at det er store korrupsjonsproblem i Nigeria, piratverksemd i Guineabukta og sabotasje av oljeinstallasjonar i landet.

Misnøya mot styresmaktene i Abuja er også stor i Nord-Nigeria der fleirtalet er muslimar. Dei meiner dei ofte vert ekskludert frå det som skjer sør i landet, noko som også skal vere delar av årsaka til at Boko Haram har vakse fram.

Bortførte jenter vist fram av Boko Haram.

Dei nigerianske jentene vart i mai viste fram, kledde i burka. Fleire av jentene skal ha blitt gifte bort til Boko Haram-soldatar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt