Hopp til innhold

– Etterlyst terrorist-kjærast er i Syria

PARIS / OSLO (NRK): Den etterlyste kvinna Hayat Boumeddiene, kjærasten til Paris-gisseltakaren Amedy Coulibaly, er i Syria. Det seier ei høgtståande kjelde til den franske storavisa Le Monde.

Terror-etterlyste Hayat Boumeddiene skyt med ein armbrøst

Dette biletet skal ha blitt teke i 2010, då Hayat Boumeddiene og terrorist-kjærasten besøkte ein terror-dømd terrorist og fekk trening i å skyta med armbrøst.

Foto: EBU

Terrormistenkte i Paris

Hayat Boumeddiene (t.v.) har vore etterlyst i samband med terroren i Paris saman med kjærasten sin og to brør. Det er uvisst kva rolle Boumeddiene har hatt i det verste terroråtaket i Frankrike på mange tiår.

Foto: - / Afp
Amedy Coulibaly og Hayat Boumeddiene

Amedy Coulibaly og Hayat Boumeddiene vart vigsla i ein religiøs seremoni i 2009, ifølgje franske media.

Foto: EBU

Store ressursar er sette inn i jakta på Boumeddiene det siste døgnet , etter at kjærasten hennar og to andre mistenkte for terroren i Paris vart drepne av politiet under to parallelle gisselsituasjonar fredag ettermiddag.

No melder AFP at den etterlyste kvinna er i Tyrkia, og at ho har vore der «ei stund».

Samstundes skriv den franske avisa Le Monde at ho reiste frå Madrid til den tyrkiske hovudstaden Istanbul fredag 2. januar – fem dagar før terroren starta. Ho har truleg reist vidare derifrå til Syria, ifølgje storavisa.

Kona til terror-bror ringde 500 gonger

Le Monde har opplysingane sine frå «ei høgstståande kjelde» som seier at ei kvinne som var svært lik Boumeddiene viste passet sitt og tok eit fly frå Madrid til Istanbul. Ho skal ifølgje kjelda ha reist saman med bror til ein kjenning av fransk etterretning.

Tyrkisk etterforsking skal også ha vist at Boumeddiene kryssa grensa frå Tyrkia over til til Syria torsdag 8 januar, og at ho ikkje har brukt returbilletten sin datert fredag 9. januar.

Ei tyrkisk tryggingskjelde kritiserer Frankrike for ikkje å dela etterretningsinformasjonen dei sit på i saka, og oppgir dette som årsak til at Tyrkia feila i å pågripa Boumedienne medan ho var i landet.

– Me har ikkje det privilegiet at me kan stoppa alle som kjem inn i landet utan at etterretningsinformasjon blir delt med oss, seier den anonyme tryggingskjelda til AFP.

Etterforskinga i Frankrike avslører at kona til ein av terrorbrørne, som angreip Charlie Hebdo og drap 12 menneske der onsdag denne veka, ringde til Boumeddiene om lag 500 gonger i løpet av fjoråret.

Det er ein av grunnane til at franske styresmakter vil ha tak i Boumeddiene.

Opplysningane er førebels ikkje stadfesta av opne, offisielle kjelder.

(Saka held fram under biletgalleriet)

– Væpna og farleg

I politiet si etterlysing blei både Coulibaly og 26 år gamle Boumeddiene omtala som «væpna og farlege».

Coulibaly stod bak drapet på ei politikvinne utanfor Paris torsdag, og han tok livet av fire gislar før han sjølv vart drepen av fransk politi under gisseldramaet i ein jødisk butikk fredag.

Det er førebels uvisst kva rolle Boumeddiene har hatt i desse åtaka. Det har tidlegare kome motstridande meldingar om ho var inne i den jødiske butikken under gisselsituasjonen.

Boumeddiene har vore i politiet sitt søkjelys tidlegare, etter å ha delteke i kamptrening i Frankrike, i regi av den jihadistiske gruppa som dei tre drepne Paris-terroristane var ein del av.

I eit intervju med antiterrorpolitiet har ho fortalt at ho var med på eit besøk til terrordømde fransk-algeriske Djamel Beghal, og at dei skaut med armbrøst, ifølgje avisa The Guardian.

SISTE NYTT

Siste nytt