Hopp til innhold

– Det var «full action»

Norske Olav Werner Grimsby hamna midt i skytedramaet ved parlamentet i kanadiske Ottawa onsdag.

Olav Werner Grimsby var midt i skytedramaet i Ottawa

Norske Olav Werner Grimsby fekk assosiasjonar til 22.juli då han plutseleg hamna midt i onsdagens skytedrama i Ottawa.

Foto: Privat / Reuters

Grimsby er i Ottawa for å gå på hockeykampar. Onsdag blei han tilfeldig vitne til skytedramaet ved det kanadiske parlamentsbygget då han skulle ut ein tur for å fotografera.

– Medan eg stod framfor bygget høyrer eg nokon som ropar «get down, get down». Deretter sverma det med politi med automatgevær og sirener. Det var full action, seier nordmannen til NRK.

– Stod ved sida av terrorist-bil

Grimsby opplevde situasjonen i Ottawa som kaotisk.

– Folk visste ingenting og fortsette å gå rundt i området. Ei jente var i ferd med å jogga over plassen medan det gjekk føre seg ein væpna aksjon. Eg stod ved sida av ein bil som terroristane hadde brukt. Den stod berre der og gjekk på tomgang.

Dramatikken vekte assosiasjonar til situasjonen i Noreg under terroråtaket 22. juli for tre år sidan og Grimsby valde difor å trekkja seg vekk frå området.

– Det heile var svært uoversikteleg og kaotisk, fortel han.

Angrep i Ottawa

Ein soldat og ein mistenkt gjerningsmann er drepen i Ottawa i Canada etter skyting i og utanfor parlamentsbygget.

Foto: CHRIS WATTIE / Reuters

Rysta og sjokkerte

Inne i parlamentsbygget blei det losna fleire titals skot, før politiet skaut og drap gjerningsmannen som i forkant hadde teke livet av ein soldat. På bakgrunn av vitneskildringar er det mistanke om fleire angriparar.

Situasjonen er framleis uavklart.

– Eg er skjelven, seier parlamentssekretær Marc-Andre Viau etter å ha vore vitne til politiet si jakt på gjerningsmannen.

– Væpna politi skreik at me skulle gå i dekning. Etterpå høyrde eg 10-15, kanskje 20 skot. Det var truleg frå eit automatvåpen, fortel Viau til AFP.

Han er ikkje den einaste som er rysta av åtaka mot ein soldat, parlamentsbygget og mot eit kjøpesenter i den kanadiske hovudstaden Ottawa torsdag.

– Det var ikkje tid til å bli redd, eg blei berre sjokkert, seier Alain Merizier på telefon til BBC.

Merizier jobbar som servitør i parlamentet og skulle begynna arbeidsdagen sin då han såg politibilar med blålys og ein svart bil stoppa utanfor bygget.

– Eg såg ein mann i ein mørk bil. Han var åleine og hadde langt mørkt hår og bart. Han gjekk ut av bilen med eit langt gevær og la på sprang mot parlamentet. Politiet sprang etter han og så høyrde eg eit skot, fortel Merizier.

Ein reporter frå The Globe and Mail var inne i parlamentet og fanga opp skytinga på video:

Trudde skyting var lyd frå byggjearbeid

Fleire av rikspolitikarane som var til stades i parlamentsbygget då skytinga starta, trudde det var lyden av konstruksjonsarbeid.

– Me trudde det var støy frå byggjearbeid, men så kom tryggingsvakten springande og skreik til oss at me måtte låsa dørene, fortel Karl Belanger, i Det nye demokratiske partiet (NDP) til CTV News.

Skytedramaet i Ottawa finn stad dagen etter drapet på ein soldat i Quebec.

Gjerningsmannen, ein mistenkt militant islamist 25-åring som hadde vore under overvaking av antiterror-etaten i Canada, blei skoten og drepen av politiet då han flykta frå åstaden.

SISTE NYTT

Siste nytt