Hopp til innhold

- Vi er omringa av islamske ekstremistar

– Livet i Aleppo er vanskeleg for alle. Her herjar snikskyttarane, det er stadig bombeeksplosjonar, og vi er omringa av islamske ekstremistar, seier den katolske biskopen Antoine Audo.

Demonstrasjon til støtte for Nusrafronten i Aleppo.

Nusrafronten, ein del av Al Qaida-nettverket, har stor støtte i delar av Aleppo. Her frå ein støttedemonstrasjon i bydelen Al-Sakhour i går.

Foto: HOSAM KATAN / Reuters

Audo, som sjølv bur i den krigsherja byen, er også president for den katolske hjelpeorganisasjonen Caritas i Syria. Han er svært uroa for den kristne minoriteten i Aleppo, som er den største byen i landet og den kommersielle hovudstaden.

– Situasjonen er vanskeleg for oss kristne. Vi er omringa av islamske ekstremistar. Dersom desse gruppene skulle ta kontroll over denne bydelen, så vil det bety jakt på kristne og tjuveri av heimar og forretningar, seier Antoine Audo.

– Har det vanskeleg

Biskop Antoine Audo i Aleppo.

Biskop Antoine Audo er sterkt uroa for den kristne minoriteten i Aleppo om dei islamske ekstremistgruppene skal få kontroll over byen.

Foto: ANDREAS SOLARO / Afp

Ifølgje hjelpeorganisasjonen Caritas har bydelen Suleimanieh, der dei fleste kristne i Aleppo bur, dei siste dagane vore utsett for angrep. Mange av innbyggjarane her har flykta frå andre stader, og situasjonen i bydelen er svært vanskeleg.

Ein Maronitt-katedral i bydelen og eit anna kristent forsamlingshus har fått store skadar i rakettangrep. Berre i løpet av ei natt vart 15 menneske drepne og 60 såra i kamphandlingar. 120 bustadhus vart øydelagde i bombardementet. Ein av hjelpearbeidarane til Caritas er blant dei drepne.

– Vi håpar at IS eller andre ekstremistgrupper ikkje vil få kontroll over Aleppo. Skjer det, vil dei kristne måtte flykte frå byen.

Berre nokre bussvrak mellom dei og krigen

Luksushotellet i Aleppo som ble flyktningmottak

– Våpenhandelen aukar

Tidlegare denne månaden gjekk dei katolske og ortodokse biskopane i Aleppo ut med eit opprop om å stanse den internasjonale våpenhandelen til Midtausten. Denne våpenhandelen, sa dei, har gjort enormt stor skade og ført til tap av mange liv i Syria.

Biskopane gjorde eit nummer av at medan Tryggingsrådet i FN har vore totalt handlingslamma i forsøket på å få til ei fredeleg løysing på konflikten i Syria, så har dei faste medlemslanda i rådet tent store pengar på å selje våpen til Midtausten.

Både Kina, USA, Storbritannia, Frankrike og Russland deltek i våpensal til partane i borgarkrigen i Syria, hevdar biskopane.

I fjor var det selt våpen til Midtausten for 12 milliardar dollar, rundt 90 milliardar norske kroner. I år kjem truleg summen til å auke til 18 milliardar dollar, rundt 140 milliardar norske kroner.

Dette er deres lekeplass – frykter snikskyttere i Aleppo

Gjør om parker til gravlunder i Aleppo

Bombeeksplosjonar i Aleppo i Syria.

Også i dag vart Aleppo ramma av bombeeksplosjonar. Mange bygningar fekk store skadar i bydelen Bab Al Nayrab.

Foto: MAHMOUD HEBBO / Reuters

– Utarma og motlause

– Innbyggjarane her er utarma og motlause. Mange har reist. Det er ein katastrofe, slik pave Frans har sagt. Dette er ei globalisering av likesæla, seier biskop Antoine Audo.

Al Qaidas avdeling i Syria, Nusrafronten, tok i dag kontroll over byen Kisr Al Shughour nordvest i landet. Syrias statlege fjernsyn melder at regjeringsstyrkane har trekt seg ut av byen for å hindre sivile tap. Det heiter også at hæren kjempar mot eit stort tal terroristar som kjem frå grensa til Tyrkia.

Den syriske eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights, som blir rekna som den mest truverdige av gruppene som overvakar situasjonen i Syria, melde i dag at vegen mellom kystbyen Latakia og Aleppo no er under fullstendig kontroll av opprørsstyrkane.

Luksushotellet i Aleppo som ble flyktningmottak

Dette er deres lekeplass – frykter snikskyttere i Aleppo

SISTE NYTT

Siste nytt